Det nærmar seg no søknadsfristen for å bli ei(n) av neste års ungdomsdelegatar for Røde Kors Ungdom. Difor er dagens blogginnlegg eit slags konsentrat av mine erfaringar dei to første månadene i Afrika – mynta spesielt på deg som vurderer å søke, som eit lite ’push’ for å få deg til å tenke igjennom om dette er noko for deg (noko eg håper du finn ut at det er!). Fristen er flytta frå 1. desember til 3.januar, så det vil seie at du framleis har ein del tid til å tenke deg om og til å skrive ein god søknad.

Manioc-hausting i nært samarbeid med ein rwandesisk kollega. Den jamne rwandesar er langt tettare knytt til jorda enn dei fleste av oss nordmenn. Foto: Sigri Aurora Stokke Nilsen.
Først av alt må eg seie at det kjenst utruleg bra å få lov til å jobbe utanlands for ein så bra organisasjon som Røde Kors – med sitt unike mandat, sitt mangfoldige spekter av aktivitetar, og sin enorme utbredelse i verda, alt motivert i ønsket om å hjelpe dei som treng det mest. Å ha denne store, seriøse organisasjonen i ryggen medan eg er ute er også skikkelig betryggande, enten det er snakk om praktiske, medisinske eller sikkerheitsmessige utfordringar som måtte oppstå (men som foreløpig har gått veldig uproblematisk – bank i bordet). Det å kunne jobbe fulltid med den nystarta ungdomsbevegelsen her i Rwanda, og som av den grunn er ganske open for nye innspel, er også veldig meiningsfullt, og det kjenst verkeleg som me kan utrette noko positivt som forhåpentlegvis også kan gje frukter etter at me har reist heim. Eg byrjar også å bli veldig vant med å jobbe sjølvstendig på kontoret vårt, å legge langsiktige planar for aktivitetar og budsjett, å helse på og småprate med diverse viktige folk i Røde Kors og samfunnet elles, samt å bygge opp stadig større kunnskap om Røde Kors generelt og i Rwanda spesielt.

Planleggingsmøte for det kommande Røde Kors sports-arrangementet, på universitetsgruppa i Butare sitt Røde Kors-kontor.
I tida som kjem ser eg fram til å fortsetje med å utarbeide ein organisasjonsguide som kan styrke kunnskapen og initiativet i lokalgrupper, å halde workshop i konflikthandtering etter nyttår, samt å ha ansvar for diverse arrangement (det første skikkelege søndag om halvanna veke) og halde fram med informasjonsarbeid (som denne bloggen). I tillegg merkar eg at å møte så mange ungdomar her som identifiserer seg i så stor grad med Røde Kors også smittar over på meg og mitt eige engasjement for organisasjonen, noko som inspirerer meg til meir frivillighetsarbeid heime i Norge, eller i utlandet. Har du aldri prøvd å vere frivillig for Røde Kors er det også noko eg sterkt anbefalar – det er aldri for seint å prøve ut noko som er så bra!

Sigri svingar seg i den tradisjonelle dansen under det store møtet for partnerforeiningane til Rwanda Røde Kors.
Igjennom oppholdet mitt her nede lærer og opplever eg veldig mykje som eg neppe hadde fått i studiar eller jobb heime. Ikkje minst gjeld dette erfaringar frå eit land som er svært annleis enn mitt eige, både kulturelt, historisk, språkleg, og naturmessig. Sjølv om me vart ganske grundig førebudde på kulturforskjellar før me drog var det likevel noko heilt anna å oppleve dei på kroppen her nede. Dette har inkludert svært mange positive opplevingar, som for eksempel: å bli varmt møtt som gjestar med ein diger porsjon omsorg – noko som vil seie å bli teke med ut på middag av kontaktpersonen vår kvar kveld den første månaden; å bli invitert på bryllupsfeiring til folk me knapt kjenner; å bli møtt av enorme smil dersom me helsar folk på kinyarwanda på gata; å få lære vaksne folk å symje (Rwanda har ingen kyst, berre eit par innsjøar); å oppleve overraskingsbursdag for Sigri arrangert av lokale frivillige; å bli invitert med heim til folk me akkurat har blitt kjent med, og til den vekentlege volleyball- eller fotball-økta deira; å få innblikk i mat/drikke/klappe(!)kultur då me vart med ei gruppe frå Rwanda Røde Kors drog på utvekslingsbesøk til Burundi Røde Kors; å bli kasta ut på dansegolvet for å prøve meg på tradisjonell dans; og det å alltid bli behandla med stor respekt.

Sigri blir overraska med kake på bursdagen, attpåtil på vår favorittrestaurant i Kigali.
Det skal ikkje leggast skjul på at opphaldet så langt også har innebore nokre større og mindre utfordringar, som: å veldig ofte ikkje få informasjon om ting som angår deg som skal skje eller blir endra; tidvis laaaang veeeeeeenting på folk eller hendingar eller godkjenningar eller svar (det er meir høfleg å la folk vente enn å ikkje ta seg av dei); eit heilt anna hierarki i organisasjonen så vel som i landet generelt enn det me er vant med heimanfrå; at saker og ting ofte blir gjort på ein måte som er svært framand for oss – og at dette gjerne kan vere vanskeleg å komme med nye innspel, ja i det heile tatt å diskutere på ein måte som både er respektfull og forståeleg; og det å alltid bli behandla med stor respekt kanskje mest fordi du er kvit og rik og utlending). Det har blitt meg fortalt frå fleire hold at det 8. Røde Kors-prinsippet er fleksibilitet (for ei oppfrisking på dei 7 gå hit), og det kan eg på ingen måte avkrefte etter 2 månader som ungdomsdelegat. Alle desse erfaringane har likevel lært meg mykje nytt og har bidrege til eit nytt perspektiv på heimlandet mitt, som eg likevel saknar innimellom (saman med familie og vener), også ein del av det å vere ungdomsdelegat.

Nokre høgtidelege anledningar har det også vore, og då er det berre å ha på seg finstasen - dress på meg og tradisjonell kjole på Sigri.
Av andre ting det eg vil trekke fram er det å bli kjent med eit land med ei så spesiell (og grusom) historie både uhyggeleg og fascinerande, og noko ein blir minna om stort sett dagleg. At samfunnet her likevel fungerer så bra som det gjer, og at det er så trygt å bu her er veldig gledelig, sjølv om den politiske situasjonen i landet framleis er ganske spesiell. Eg held framleis på å føle på kva det er passande å skrive om desse temaa, både som representant for Røde Kors, og i forhold til folk og instansar her som har vore meir direkte påverka/påverkande på hendingar i fortida. Det å ikkje kunne språket begrensar naturleg nok kva informasjon og nyansar me får av situasjonen i dag, men det er heldigvis ein del folk her me kan prate veldig åpent med om desse tinga. Etter kvart som vår kinyarwanda – og ikkje minst min fransk blir betre (Sigri er allereie veldig flink i fransk), håper eg å bli endå betre integrert i samfunnet her. Språkundervisninga me får dekt er også ein super bonus synes eg, ettersom eg likar å lære språk og det kan vere svært kjekt å ha litt fransk innabords til seinare, både privat og jobbmessig. Men stort sett går det på engelsk, noko eg er glad for å ha såpass mykje bakgrunn i, i motsetning til ein del av dei me jobbar saman med. Lettare å forholde seg til enn både språket (og vanskane ved det) og den fæle historia er den vakre naturen som er overalt rundt oss! Det å ha så mykje grøne vekstar overalt, å leve få minutt frå næraste vesle skog, å dagleg få skue ut over dei nydelege åsane som stort sett utgjer heile landet, å få bade og nyte øyliv på lake Kivu, å stort sett alltid ha eit forutsigbart og svært behagelig klima, samt å sjå mykje framand dyreliv (vonleg snart gorilla-trekking!) er også eit stort pluss som ein må passe på å nyte og kose seg med innimellom pliktene som ungdomsdelegat.

Utsikt frå Amahoro (fredsøya). Lake Kivu i forgrunnen. Tusen åsar i bakgrunnen. Ein av dei vakraste plassar eg har vore i Rwanda så langt.
Sist, men ikkje minst, har eg i løpet av dei første 2-3 månadene blitt kjent med mange inspirerande personar. Mest av alle har eg blitt kjent med min meddelegat her nede, Sigri Aurora, som eg har levd svært tett innpå, både jobbmessig, i kvardagens praktiske gjeremål, og sosialt. Å leve slik er utfordrande, men givande, ikkje minst når eg har vore så heldig å bli plassert saman med ei såpass initiativ- og kunnskapsrik jente, som ofte har forskjellig syn på ting enn meg, men som eg likevel føler eg kan samarbeide godt med og likar å gjere ting saman med.

Eg og min meddelegat Sigri, saman med årets rwandiske ungdomsdelegatar i Noreg, Fify og Kenneth.
Dei andre delegatane, frå Norge og frå Rwanda, Sudan og Nepal, er eg også veldig glad for å ha møtt (på kurs både i januar og i august/september), og slik sett starta den kulturelle utvekslinga allereie før eg forlèt Norge. På desse kursa fekk me også tips og råd om det å jobbe i utlandet frå svært erfarne folk innan Røde Kors. Sist, men ikkje minst har eg her ned møtt mange supre rwandesarar som eg ser fram til å bli betre kjent med, og mange erfarne ikkje-rwandesarar som har gjeve oss mykje innsikt i det å jobbe med bistand internasjonalt.

Youth Basic Training Course anno 2009. Kalde dagar, varme minne. Er du med neste år? Foto: Røde Kors.
For å gjenta meg sjølv, så er eg utruleg glad for og kjenner meg skikkeleg heldig som får oppleve alt dette. Difor unner eg alle som synes dette høyres freistande ut å få ei tilsvarande oppleving. Og det første steget er å søke….
Dersom du som potensiell ungdomsdelegat har spørsmål eller av anna grunn ynskjer å komme i kontakt med meg må du gjerne sende ein e-post til harald.viken(alfakrøll)gmail.com. For meir informasjon om neste års oppdrag og utlysingstekst, sjå oppdatert side her.