No har det vore veldig lenge sidan eg har skrive noko på denne bloggen, men er endeleg i gang igjen med arbeidet her nede etter ein god ferie heime i Norge med familie og vener. Det var herlig å sjå folk igjen, samtidig som det kjennest veldig bra å raskt ha komme inn i livet her etterpå, både sosialt og ikkje minst med Røde Kors-arbeid. I praksis har dette betydd å treffe igjen gode vener her i Butare, samt arrangering av fire fulle dagar og tre kveldar med workshop i konflikthandtering og mekling, maaaaange timar planlegging på kvardag og helg, 12 fornøgde deltakarar, mykje artige aktivitetar og 2 stk ganske så slitne ungdomsdelegatar dagen etter kursavslutning.
Temaet for verkstaden var konfliktforståelse, følelsar i konflikt, kommunikasjon, mekling, og instruktør-opplæring, og er direkte henta frå Gatemeklings-eininga i Oslo Røde Kors, som har som formål å lære opp ungdom til å handtere eigne og andre sine konfliktar utan å bruke vald. Eg har også teke kurs om mekling og konflikthandtering på universiteta i Oslo og Cape Town, så dette er noko eg brenn masse for og er skikkelig glad for å ha fått gjennomført, med super hjelp frå Sigri, som skal ha stor honnør for å kaste seg uti det!
Opplegget er basert på ein god blanding av forskjellige metodar, inkludert individuelt, par- og gruppearbeid, masse leikar, noko tavlebasert, rollespel, testar og så vidare. Denne variasjonen gjer det lettare både for deltakarane og for oss å halde fokus og ha det artig, samt forhåpentligvis å få til mykje læring! Slik at sjølv om me merkar at det er ein del kulturforskjellar – kanskje ikkje minst i ein uvanthet med det å snakke om og fokusere på følelsar – så er det kjekt å få oppmuntrande kommentarar som ’the best methodology I have ever seen’ frå deltakarar.

Felles varm lunsj. I Rwanda er det vanlig å forsyne seg éin gong – rikeleg! Forståeleg med kun to eller tre måltid per dag.
Spesielt spanande er det å ha konfliktverkstad i eit land med ei historie som Rwanda. Eit av ynskja deltakarane kom med i byrjinga av kurset var å bruke konflikten i heimlandet som eit eksempel, noko både me og deltakarane kom inn på. Kurset fokuserer først og fremst på konfliktar i nærmiljøet og i ungdomskretsar, men mykje av konflikt- og meklingsteorien me brukar er meint å vere ganske universell opp til statsnivå og i internasjonale relasjonar. Det er ganske utfordrande å diskutere konflikt knytt opp til historia i landet her, særlig når mange av dei me kjenner har mista både foreldre og søsken i folkemordet. Samtidig er det veldig sterkt, men positivt, når deltakarar opnar seg litt og deler sine syn og erfaringar på konflikten. Ikkje minst var det spanande å høyre om forskjellige måtar konfliktar har blitt løyst på her i landet; i familien har ei løysing tradisjonelt sett vore at svigerfar fungerar som meklar mellom ektefellar; i konfliktar mellom privatpersonar på landsbygda har eit råd av eldre gjerne samla seg for å vurdere saken, og der løysinga går ut på at den som forårsaka problemet symbolsk vartar opp dei andre med sorghum-øl som dei deler etter prosessen for å setje strek; og ikkje minst den svært interessante praksisen gacaca, ein tradisjonell metode brukt etter folkemordet som legg opp til at offer og gjerningsmenn fortel sine historier offentleg, for så at anerkjennelse og samfunnsarbeid blir tildelt, med fokus på at begge partane skal kunne gå tilbake til samfunnet og leve saman igjen. At folk her i dag lever så tett og fredeleg saman berre 15 år etter folkemordet er noko det kan takast stor lærdom frå, også her i Norge, kvar kven som var ven og kven som var fiende under Krigen kanskje endå ikkje har blitt gløymt.
Etter fullført kurs skal det no bli spanande å sjå kva desse deltakarane får til av opplæring av andre, og evt mekling av konfliktar i sine miljø (me skal ha planleggingsmøte denne veka). Engasjementet har iallfall vore stort, og deltakarane sjølve har fokusert rett mykje på viktigheita av slikt arbeid her i landet, for å dempe både fortidige og eventuelt framtidige motsetningar mellom folk.
For min og Sigri sin del er det no informasjonsarbeid som står øvst på programmet vidare, samt at Lotte, sjefen vår i Norge, kjem på besøk til helga for å helse på og evaluere opplegget her nede. Og eg kan opplyse om at bloggoppdateringa mi vil bli betre framover. Så det er berre å gle seg! ![]()
-H












[...] on conflict management (I will blog more about that one later. In the mean time you can check out Harald’s post). And one day one of the volunteers of tracing took me along on a little trip. We're on a [...]
Harald!!
Fantastisk spennende lesing! Dere er kjempeflinke! Well done
Jeg blir stolt når jeg ser hva dere har fått til i en utfordrende kontekst.
hilsen gatemeglingssjefen…
Takk for det Thomas – veldig kjekt med feedback! Og igjen tusen takk for hjelpa og konsultasjonen undervegs – ser fram til meir fruktbart samarbeid i tida som kjem!
Hei Harald, det er utrolig artig og flott å lese om dette som du og Sigri har gjennomført i Rwanda. Med en slik super dokumentasjon og topp fotoillustrert får jeg følelsen av at “the sky is the limit”. Hjertelig takk skal dere ha, og lykke til i innspurten i ungdomsdelegattilværelsen. Håper vi kan få hilse på dere en gang.
Erik A. Schyberg
Nestleder i distriktsstyret i Oslo Røde Kors
Hei Erik, dette var veldig kjekt å høyre – takk for tilbakemeldinga! Alltid artig når folk går inn og tek ein kikk på kva me held på med her nede. Og akkurat dette prosjektet skal jo Oslo Røde Kors ha ein del av æra for igjennom å tilrettelegge for Gatemeklinga! Føler meg veldig heldig som får lov å vere her, så skal absolutt prøve å gjere ein bra innspurt. Eg reknar med at me begge er tilbake i Oslo og Røde Kors til sommaren/hausten, så då satsar eg på å helse på dykk.
[...] prosjektet har mange fellestrekk med vår workshop om ikkje-valdeleg kommunikasjon og mekling som eg heldt med Gatemeklings-metodikk her … Å sjå korleis det nye opplegge fungerte i praksis i Uganda gav både nye idéar og inspirasjon [...]