Eksamenstid = Røde Kors-tid!
Mai er eksamensmånad, både i Norge og i Rwanda. Heime i Noreg har frivillige organisasjonar ein tendens til å gå i dvale når perioden for prøvene står på. Her i Rwanda, derimot, blir Røde Kors-aktivitetar prioritert, trass i at mange har skule å tenke på. Og utdanning er ikkje akkurat mindre verdsett her enn heime blant dei heldige få som får lov/råd til å gå på universitetet, for å seie det slik!
Allsidige aktivitetar fram mot 8.mai
Denne veka er det 8.mai-markering (for dei som ikkje veit det: den internasjonale Røde Kors-dagen) og feiring av Røde Kors ei veke til endes her i Rwanda, og spesielt i Butare, etter at dei førre norske ungdomsdelegatane Carina og Camilla la ned ein stor innsats her i fjor. Aktivitetane som står på programmet er:
Innsamling av klede/pengar til dei trengande på sjukehus
Stand med Røde Kors-informasjon og medlemsverving
Gangfeltsmaling og trafikk-sikkerhetskampanje (zebra crossing)
Blodgjeving
Sportsarrangement med fotballkamp, song, sketsjar og diktopplesing
Verdifull innsats
Eg kjem seinare tilbake til dei forskjellige aktivitetane nemnt her, men i dag vil eg berre publisere nokre bilete frå gårsdagens innsamling. Røde Kors student-gruppa ved National University of Rwanda gjorde ein flott innsats i 3-4 timar, trass i at nokre har eksamen allereie i morgon! Som så mange gonger før har NUR-studentane vist stort engasjement for å hjelpe dei som treng det mest.
Den samla mengden pengar og ting blir først klar på laurdag, då desse skal delast ut på to sjukehus her i Butare. Fasilitetane for dei som er innlagte her er nemleg veldig reduserte, så å bli støtta med litt mat eller klede er kjærkomment.
Du kan også gjere noko heime i Noreg
Med dette vil eg oppfordre alle heime i Norge, eksamenstid eller ei, til å gjere ein innsats som bøssebærarar eller i det minste som givarar laurdag 8.mai – de vil i så fall kunne bistå menneske som befinn seg i ein sårbar situasjon, både i Norge og i utlandet. Les meir om Røde Kors sitt arbeid på: www.rodekors.no.
Gå inn på http://www.rodekorsaksjonen.no/ for å registrere deg som bøssebærar, eller gå hit for å gi ein 50-lapp (eller meir) for å hjelpe Røde Kors Ungdom med å nå målet for årets 8.mai-innsamlingsaksjon.

Røde Kors-søsken: Chantal (til venstre) hjelper oss i huset, samtidig som ho er frivillig innan helse. Edmond (til høgre) er president for dei frivillige i Huye distrikt.

Norbert, tidlegare RK-president på universitetet, viser veg, medan dei andre frivillige ser på listene over butikkar som allereie er spurt om å bidra.

Eit knippe frivillige på vei ut for å spørje det lokale næringsliv om å hjelpe trengande på sjukehusa.

Eg fylgjer to frivillige rundt på leiting etter småbedrifter som kan bidra med ein slant, noko tøy el.l.








Det eine bilde er jo reine Matrix-scena! “Did you notice the woman in red?” KABOOM!
Uansett: Fantastiske bilde, Harald. Og det er godt å sjå at ein er i ferd med å sjå like akademiske ut som foreldra våre, sjølv når ein er avbilda i Afrika
hehe – takk skal du ha. Veldig bevisst det med ho Matrix-dama, imponert over at du la merke til det, sjølv då det var sett i ein afrikansk kontekst.
Ang bilete så trur eg du i stor grad må nøye deg med dei akademiske positurane her på bloggen fram til lektor Viken er tilbake i Oslo – så får me sjå kva me kan plukke fram av andre.
PS. burde ikkje du, som forfattar, ha ein eller annan form for blog? Du er herved utfordra