Kjelder:
Innlegg
kommentarar

Vakre Rwanda

Arbeidsmengden på kontoret er stigande, med foreløpig toppunkt i forhold til søndagens (altså i morgon) Røde Kors idretts/aktivitets-dag, som skal bli spanande å gjennomføre saman med og for dei frivillige. Men for å vere heilt klar for stadig meir jobbing i tida framover fann me det lurt å slå oss med då vår belgiske venn Vincent foreslo å besøke Akagera nasjonalpark sist helg. Det angra eg aldri eit sekund på, så no er det på tide å gje nokre glimt av kor vakkert Rwanda og Afrika kan vere.

PS. Alle bilda er no moglege å sjå i stor versjon via min Flickr-konto i stor versjon ved å klikke på dei.

Bilen vår, samt guide (lengst til venstre), sjåfør (som høgg ved), Sigri på veg opp i eit tre, samt Claire og Vincent som observerer.

Bilen vår, samt guide (lengst til venstre), sjåfør (som høgg ved), Sigri på veg opp i eit tre, samt Claire og Vincent som observerer.

Tåkehav.

Tåkehav.

To dagar eg skal leve lenge på.

Det nærmar seg no søknadsfristen for å bli ei(n) av neste års ungdomsdelegatar for Røde Kors Ungdom. Difor er dagens blogginnlegg eit slags konsentrat av mine erfaringar dei to første månadene i Afrika – mynta spesielt på deg som vurderer å søke, som eit lite ’push’ for å få deg til å tenke igjennom om dette er noko for deg (noko eg håper du finn ut at det er!). Fristen er flytta frå 1. desember til 3.januar, så det vil seie at du framleis har ein del tid til å tenke deg om og til å skrive ein god søknad.

Manioc-hausting i nært samarbeid med ein rwandesisk kollega. Den jamne rwandesar er langt tettare knytt til jorda enn dei fleste av oss nordmenn.

Manioc-hausting i nært samarbeid med ein rwandesisk kollega. Den jamne rwandesar er langt tettare knytt til jorda enn dei fleste av oss nordmenn. Foto: Sigri Aurora Stokke Nilsen.

Først av alt må eg seie at det kjenst utruleg bra å få lov til å jobbe utanlands for ein så bra organisasjon som Røde Kors – med sitt unike mandat, sitt mangfoldige spekter av aktivitetar, og sin enorme utbredelse i verda, alt motivert i ønsket om å hjelpe dei som treng det mest. Å ha denne store, seriøse organisasjonen i ryggen medan eg er ute er også skikkelig betryggande, enten det er snakk om praktiske, medisinske eller sikkerheitsmessige utfordringar som måtte oppstå (men som foreløpig har gått veldig uproblematisk – bank i bordet). Det å kunne jobbe fulltid med den nystarta ungdomsbevegelsen her i Rwanda, og som av den grunn er ganske open for nye innspel, er også veldig meiningsfullt, og det kjenst verkeleg som me kan utrette noko positivt som forhåpentlegvis også kan gje frukter etter at me har reist heim. Eg byrjar også å bli veldig vant med å jobbe sjølvstendig på kontoret vårt, å legge langsiktige planar for aktivitetar og budsjett, å helse på og småprate med diverse viktige folk i Røde Kors og samfunnet elles, samt å bygge opp stadig større kunnskap om Røde Kors generelt og i Rwanda spesielt.

Planleggingsmøte for det kommande Røde Kors sports-arrangementet, på universitetsgruppa i Butare sitt Røde Kors-kontor.

I tida som kjem ser eg fram til å fortsetje med å utarbeide ein organisasjonsguide som kan styrke kunnskapen og initiativet i lokalgrupper, å halde workshop i konflikthandtering etter nyttår, samt å ha ansvar for diverse arrangement (det første skikkelege søndag om halvanna veke) og halde fram med informasjonsarbeid (som denne bloggen). I tillegg merkar eg at å møte så mange ungdomar her som identifiserer seg i så stor grad med Røde Kors også smittar over på meg og mitt eige engasjement for organisasjonen, noko som inspirerer meg til meir frivillighetsarbeid heime i Norge, eller i utlandet. Har du aldri prøvd å vere frivillig for Røde Kors er det også noko eg sterkt anbefalar – det er aldri for seint å prøve ut noko som er så bra!

Sigri svingar seg i den tradisjonelle dansen under det store møtet for partnerforeiningane til Rwanda Røde Kors.

Sigri svingar seg i den tradisjonelle dansen under det store møtet for partnerforeiningane til Rwanda Røde Kors.

Igjennom oppholdet mitt her nede lærer og opplever eg veldig mykje som eg neppe hadde fått i studiar eller jobb heime. Ikkje minst gjeld dette erfaringar frå eit land som er svært annleis enn mitt eige, både kulturelt, historisk, språkleg, og naturmessig. Sjølv om me vart ganske grundig førebudde på kulturforskjellar før me drog var det likevel noko heilt anna å oppleve dei på kroppen her nede. Dette har inkludert svært mange positive opplevingar, som for eksempel: å bli varmt møtt som gjestar med ein diger porsjon omsorg – noko som vil seie å bli teke med ut på middag av kontaktpersonen vår kvar kveld den første månaden; å bli invitert på bryllupsfeiring til folk me knapt kjenner; å bli møtt av enorme smil dersom me helsar folk på kinyarwanda på gata; å få lære vaksne folk å symje (Rwanda har ingen kyst, berre eit par innsjøar); å oppleve overraskingsbursdag for Sigri arrangert av lokale frivillige; å bli invitert med heim til folk me akkurat har blitt kjent med, og til den vekentlege volleyball- eller fotball-økta deira; å få innblikk i mat/drikke/klappe(!)kultur då me vart med ei gruppe frå Rwanda Røde Kors drog på utvekslingsbesøk til Burundi Røde Kors; å bli kasta ut på dansegolvet for å prøve meg på tradisjonell dans; og det å alltid bli behandla med stor respekt.

Sigri blir overraska med kake på bursdagen, attpåtil på vår favorittrestaurant i Kigali.

Sigri blir overraska med kake på bursdagen, attpåtil på vår favorittrestaurant i Kigali.

Det skal ikkje leggast skjul på at opphaldet så langt også har innebore nokre større og mindre utfordringar, som: å veldig ofte ikkje få informasjon om ting som angår deg som skal skje eller blir endra; tidvis laaaang veeeeeeenting på folk eller hendingar eller godkjenningar eller svar (det er meir høfleg å la folk vente enn å ikkje ta seg av dei); eit heilt anna hierarki i organisasjonen så vel som i landet generelt enn det me er vant med heimanfrå; at saker og ting ofte blir gjort på ein måte som er svært framand for oss – og at dette gjerne kan vere vanskeleg å komme med nye innspel, ja i det heile tatt å diskutere på ein måte som både er respektfull og forståeleg; og det å alltid bli behandla med stor respekt kanskje mest fordi du er kvit og rik og utlending). Det har blitt meg fortalt frå fleire hold at det 8. Røde Kors-prinsippet er fleksibilitet (for ei oppfrisking på dei 7 gå hit), og det kan eg på ingen måte avkrefte etter 2 månader som ungdomsdelegat. Alle desse erfaringane har likevel lært meg mykje nytt og har bidrege til eit nytt perspektiv på heimlandet mitt, som eg likevel saknar innimellom (saman med familie og vener), også ein del av det å vere ungdomsdelegat.

Nokre høgtidelege anledningar har det også vore, og då er det berre å ha på seg finstasen - dress på meg og tradisjonell kjole på Sigri.

Nokre høgtidelege anledningar har det også vore, og då er det berre å ha på seg finstasen - dress på meg og tradisjonell kjole på Sigri.

Av andre ting det eg vil trekke fram er det å bli kjent med eit land med ei så spesiell (og grusom) historie både uhyggeleg og fascinerande, og noko ein blir minna om stort sett dagleg. At samfunnet her likevel fungerer så bra som det gjer, og at det er så trygt å bu her er veldig gledelig, sjølv om den politiske situasjonen i landet framleis er ganske spesiell. Eg held framleis på å føle på kva det er passande å skrive om desse temaa, både som representant for Røde Kors, og i forhold til folk og instansar her som har vore meir direkte påverka/påverkande på hendingar i fortida. Det å ikkje kunne språket begrensar naturleg nok kva informasjon og nyansar me får av situasjonen i dag, men det er heldigvis ein del folk her me kan prate veldig åpent med om desse tinga. Etter kvart som vår kinyarwanda – og ikkje minst min fransk blir betre (Sigri er allereie veldig flink i fransk), håper eg å bli endå betre integrert i samfunnet her. Språkundervisninga me får dekt er også ein super bonus synes eg, ettersom eg likar å lære språk og det kan vere svært kjekt å ha litt fransk innabords til seinare, både privat og jobbmessig. Men stort sett går det på engelsk, noko eg er glad for å ha såpass mykje bakgrunn i, i motsetning til ein del av dei me jobbar saman med. Lettare å forholde seg til enn både språket (og vanskane ved det) og den fæle historia er den vakre naturen som er overalt rundt oss! Det å ha så mykje grøne vekstar overalt, å leve få minutt frå næraste vesle skog, å dagleg få skue ut over dei nydelege åsane som stort sett utgjer heile landet, å få bade og nyte øyliv på lake Kivu, å stort sett alltid ha eit forutsigbart og svært behagelig klima, samt å sjå mykje framand dyreliv (vonleg snart gorilla-trekking!) er også eit stort pluss som ein må passe på å nyte og kose seg med innimellom pliktene som ungdomsdelegat.

Utsikt frå Amahoro (fredsøya). Lake Kivu i forgrunnen. Tusen åsar i bakgrunnen. Ein av dei vakraste plassar eg har vore i Rwanda så langt.

Utsikt frå Amahoro (fredsøya). Lake Kivu i forgrunnen. Tusen åsar i bakgrunnen. Ein av dei vakraste plassar eg har vore i Rwanda så langt.

Sist, men ikkje minst, har eg i løpet av dei første 2-3 månadene blitt kjent med mange inspirerande personar. Mest av alle har eg blitt kjent med min meddelegat her nede, Sigri Aurora, som eg har levd svært tett innpå, både jobbmessig, i kvardagens praktiske gjeremål, og sosialt. Å leve slik er utfordrande, men givande, ikkje minst når eg har vore så heldig å bli plassert saman med ei såpass initiativ- og kunnskapsrik jente, som ofte har forskjellig syn på ting enn meg, men som eg likevel føler eg kan samarbeide godt med og likar å gjere ting saman med.

Eg og min meddelegat Sigri, saman med årets rwandiske ungdomsdelegatar i Noreg, Fify og Kenneth.

Eg og min meddelegat Sigri, saman med årets rwandiske ungdomsdelegatar i Noreg, Fify og Kenneth.

Dei andre delegatane, frå Norge og frå Rwanda, Sudan og Nepal, er eg også veldig glad for å ha møtt (på kurs både i januar og i august/september), og slik sett starta den kulturelle utvekslinga allereie før eg forlèt Norge. På desse kursa fekk me også tips og råd om det å jobbe i utlandet frå svært erfarne folk innan Røde Kors. Sist, men ikkje minst har eg her ned møtt mange supre rwandesarar som eg ser fram til å bli betre kjent med, og mange erfarne ikkje-rwandesarar som har gjeve oss mykje innsikt i det å jobbe med bistand internasjonalt.

Youth Basic Training Course anno 2009. Kalde dagar, varme minne. Er du med neste år?

Youth Basic Training Course anno 2009. Kalde dagar, varme minne. Er du med neste år? Foto: Røde Kors.

For å gjenta meg sjølv, så er eg utruleg glad for og kjenner meg skikkeleg heldig som får oppleve alt dette. Difor unner eg alle som synes dette høyres freistande ut å få ei tilsvarande oppleving. Og det første steget er å søke….

Dersom du som potensiell ungdomsdelegat har spørsmål eller av anna grunn ynskjer å komme i kontakt med meg må du gjerne sende ein e-post til harald.viken(alfakrøll)gmail.com. For meir informasjon om neste års oppdrag og utlysingstekst, sjå oppdatert side her.

I samband med turen vår til Goma og Kongo, som eg har publisert bilete frå tidlegare, fekk me vere med på ein dag for unge Røde Kors-frivillige i Gisenyi, nabobyen på rwandesisk side, samt besøke lokale friviljuge i Musanze i nord-Rwanda. Her er nokre inntrykk frå denne delen av turen, som var vårt første møte med frivillige.

Blod1: Dagen starta med blodgjeving for nye frivillige. Her er fjorårets rwandiske ungdomsdelegat til Noreg, Aline, i ferd med å gjere dagens første innsats, med skrekkblanda fryd.

Blod1: Dagen starta med blodgjeving for nye frivillige. Her er fjorårets rwandiske ungdomsdelegat til Noreg, Aline, i ferd med å gjere dagens første innsats, med skrekkblanda fryd.

needle01

Blod2: Djup konsentrasjon og høg presisjon når vår kontaktperson Paul blir tilkopla blodposen han skal fylle.

FantaEtterpa

Sukker1: Det blir drukke sjokkerande mykje Fanta og CocaCola her i landet, men etter å ha gjeve ein halvliter blod, så kjem det godt med.

aline_Podium02

Sex1: Ikkje lange pausen for ein tidlegare ungdomsdelegat. Eit par timar etter blodgjevinga høyrer ein skare av friviljuge Aline snakke om seksuell helse og seksuelt overførbare sjukdomar. Sigri assisterer nede i høgre hjørne.

Sex2: Dei frivillige får prøvd sine kunnskapar om symptom, skadeverknader og utbredelse av seksuelt overførbare sjukdomar, igjennom eit Røde Kors-’puslespel’ tilpassa Rwanda av fjorårets ungdomsdelegat Camilla.

Sex3: Fullsatt sal av konsentrerte ungdomar lærer om korleis ein kan beskytte seg.

Sex3: Fullsatt sal av konsentrerte ungdomar lærer om korleis ein kan beskytte seg.

Sukker2: Som bloddråpar ligg colakorkene igjen på golvet etter at dei friviljuge har fått sitt sukkerpåfyll og startar på vegen heimover.

Sukker2: Som bloddråpar ligg colakorkene igjen på golvet etter at dei friviljuge har fått sitt sukkerpåfyll og startar på vegen heimover.

Når det gjeld det siste punktet, magi, kjennest det litt meir vidløftig, uhandgripelig og subjektivt enn dei fyrstnemnde. Her kjem nokre kandidatar til kva som kan ha vore det mest magiske på turen hit til nordvestlege delen av landet.

Magi1: Internett på mobilen – kan trollbinde nokon og ein kvar når den generelle nett-tilgangen er såpass begrensa.

Magi1: Internett på mobilen – kan trollbinde nokon og ein kvar når den generelle nett-tilgangen er såpass begrensa.

Magi2: Guten som kom springande og kasta seg i armane på Sigri med det akkompagnerande ropet ”MUUUUZZZZUUUUUUNGUUUUU!!!!!” Magisk augneblink for både born og muzungu? (’Muzungu’ betyr framleis ’kviting’)

Magi3: Engasjementet til dei unge friviljuge på skulen i Musanze, som viste oss skuespel av førstehjelp (med stol til båre), og som formeleg tørsta etter meir Røde Kors-informasjon.

Magi3: Engasjementet til dei unge friviljuge på skulen i Musanze, som viste oss skuespel av førstehjelp (med stol til båre), og som formeleg tørsta etter meir Røde Kors-informasjon.

Magi4: Den fredfulle stemninga på besøk hos nonnene i Gisenyi som serverte frukt, te, og heimelaga ost og vin, nytt saman med rwandisk kortspel. Me like! Forøvrig blir rwandisk telefonkultur illustrert ved vår kontaktperson, Paul.

Magi5: Kveldsstund ved Lake Kivu, Rwandas einaste skikkelege vannansamling – eit syn som varmar for ein gut oppvaksen i havgapet på Vestlandet.

Magi5: Kveldsstund ved Lake Kivu, Rwandas einaste skikkelege vannansamling – eit syn som varmar for ein gut oppvaksen i havgapet på Vestlandet.

Og for ordens skuld:
Blood Sugar Sex Magik © Red Hot Chili Peppers

I mangel på inspirasjon for eit skriftleg innlegg vil eg idag dele opplevinga mi då eg tok meg ein liten tur utfor huset med kamera i ettermiddag. Ein tradisjon eg vil vidareføre frå Oslo, men som tok ei litt uventa vending idag.

sondagstur3

Nokre minutts gange frå huset, og vips, skogstur!

sondagstur4

Nærast heilt opne vyer folda seg ut der eg gjekk på den smale sti. Men vent, ser ikkje den horisonten noko trugande ut?

sondagstur9

Eit fjøs eg gjekk forbi, ute av biletet er gutane eg prøvde å kommunisere med (med blanda hell ettersom me ikkje hadde noko språk til felles). Uansett, dei satt og spela kort, med same type Titanic-korstokk me har arva frå fjorårets ungdomsdelegatar.

sondagstur10

Til slutt innsåg eg at jo, uveret kom - fort! Nede i høgre hjørne mann som skundar seg i hus(?) med eit lass gras han har sanka.

sondagstur11

Fann raskt ut at heimen var for langt unna, så eg fulgte dei lokale sitt eksempel, og søkte ly i eit fjøs. Eit herleg show av lyn og torevér fylgde. Neste gong skal eg prøve å fange lynet igjennom linsa.

sondagstur12

Den vesle regntida er igang såvidt eg kan skjøne - elver oppsto på få minutt. Forstår godt rotta som karra seg opp på fjøstaket for å unngå syndefloden (den krabba for raskt til at eg klarte å fotografere den dessverre).

sondagstur14

To av mine medskipbrudne i uveret. Eg skjøna stort sett berre to ord: ifoto og faranga (pengar). Eg sa ja til å ta bilete, nei til å gje pengar.

sondagstur13

Striregnet gjorde meg rett så kald der eg hadde på meg lite anna enn bukse, skjorte og solkrem(!), så når lysninga viste seg var det eit kjærkomment syn. Ikkje rart folk her har lite til overs for å henge ute i regnet.

sondagstur16

Der det for ein time sidan var ein sti, var det no ei lita elv gitt.

sondagstur17

Ein liten foss av gjørmevatn i rennesteinen. Nasjonalmuseet, vår næraste nabo, i bakgrunnnen.

sondagstur18

I det eg tek bilete av vatnet som går ned i avløpet ser eg til mi glede at føtene til meg sjølv (nederst) og tilskodarane mine ser ganske stilig ut.

Ein litt annleis tur enn eg hadde tenkt, men fint var det, og skal desidert gjerast igjen, med eller utan regnskyll. Og når eg er tilbake i blog-modus kan eg love at neste innlegg skal innhalde meir om Røde Kors- arbeid, som me endeleg byrjar å komme skikkelig igana med!

Rwanda, heime

Endeleg har me fått oss det ein kan kalle for ein heim. Me ankom Butare i sørlege Rwanda på søndag, og drog direkte til leiligheita/det vesle huset som me skal bu i fram til juni (ikkje 15 kvadratmeter-lite som det eg hadde i Cape Town, men ellers ganske likt faktisk). Det var ein stor lettelse å få komme seg dit, og byrje pakke ut bagasjen vår meir ’for godt’ enn tidlegare, når me gjerne har reist frå rom til rom på diverse hotell og gjesteleilighetene til Rwanda Røde Kors i Kigali.

Herlegdomen sjølv - altså i midten, utan balkong. Kan komme til å bli kjent som Festung Norwegen.

Herlegdomen sjølv-altså i midten, utan balkong. Kan komme til å bli kjent som Festung Norwegen.

Det å ha ein base å ha som vår eigen (og berre vår), har faktisk ganske mykje å seie, og for både meg og særleg Aurora (eller Sigri, som dei fleste andre kallar henne) har det vore ei stund sidan me hadde ein meir permanent heim etter studia. Difor kjenst det kanskje ekstra godt å vere på plass no.
Snapshot av mitt kjære rom - for øyeblikket i kaste-ting-utover-for-å-pakke-til-Kigali-modus. Foreløpig med myggnetting som einaste dekorasjon.

Snapshot av mitt kjære rom - for øyeblikket i kaste-ting-utover-for-å-pakke-til-Kigali-modus. Foreløpig med myggnetting som einaste dekorasjon.

I tilknyting til det å ha ein heim er også det å ha større kontroll over eiga tid ei stor forandring frå den første månaden. I Kigali og på reise rundt i Rwanda og naboland har me blitt veldig godt teke vare på av folk som vil oss alt vel. Men samtidig har det vore ein viss ufrihet over det heile, i og med at me aldri har hatt mykje kontroll over dagane våre. Dette er ein annan faktor til at me no i vår nye heim kan etablere våre eigne rutiner, som kjenst veldig godt, enten det er snakk om det å kunne tilberede eigen mat, etablere treningsvanar eller å ha større fridom sosialt på kveldstid (har truffe ei handfull belgiarar her som me har ete middagar og spela brettspel med-veldig trivelig!). Også veldig greit når ein kan komme seg kvar som helst i byen på moto-taxi for 4-5 kroner.
Kjent og kjær rundkøyring med utsikt over Kigali (mot nasjonalstadion). I forgrunnen kjent og kjær moto (sjølv om me berre har lov å køyre dei i Butare).

Kjent og kjær rundkøyring med utsikt over Kigali (mot nasjonalstadion). I forgrunnen kjent og kjær moto (sjølv om me berre har lov å køyre dei i Butare).

I det eg skal poste dette innlegget sit me på det som rakk å bli vår stam-(Internett)café i Kigali. Og jammen har den ikkje rukke å bli litt heim den au, i likhet med byen sjølv, noko eg merka då Volcano-bussen frå Butare snegla seg opp den siste bakken opp til rundkøyringa i sentrum – trass i pøsregnet og tordenskrallet som starta i øyeblikket me gjekk av bussen. Eller kanskje nettopp derfor.
Bourbon cafe. Utan regn for ein gongs skuld, med kveldsstemning, og med Internett som funkar. Då kan ein ikkje klage.

Bourbon cafe. Utan regn for ein gongs skuld, med kveldsstemning, og med Internett som funkar. Då kan ein ikkje klage.

I det siste har det blitt mykje reising rundt, og me har sett mykje av både natur, menneske og Røde Kors-aktivitetar av ymse slag. Medan eg framleis har ok Internett-tilgang tenkte eg å legge ut ein del bilete for å gje eit innblikk i kva me har opplevd.

Først ut er vårt besøk til nabo- og grensebyane Gisenyi (Rwanda) og Goma (Demokratiske Republikken Kongo, DRC). I sistnemnte besøkte me observatoriet som overvåkar aktiviteten i vulkanane i området, som stadig utgjer ein trussel for folk som bur der.

Utsikt frå vulkanobservatoriet i Goma, mot Nyiragongo, som i 2002 hadde eit digert utbrudd. Meir enn 100.000 menneske mista heimane sine, medan rundt 45 mista livet. Det står som regel alltid ei sky av gass ut frå den aktive vulkanen. Fotograf: Sigri Aurora Stokke Nilsen.

fekk omvisning inne på observatoriet og innblikk i korleis overvåkinga foregår- her satelittbilete over endringar i jordoverflata i tida rundt utbrotet i 2002. Finansieringa står forøvrig EU for.

fekk omvisning inne på observatoriet og innblikk i korleis overvåkinga foregår- her satelittbilete over endringar i jordoverflata i tida rundt utbrotet i 2002. Finansieringa står forøvrig EU for.

Seismografisk overvåking: på bildet øverst blir Sigri vist ei utskrift av tidlegare aktivitet, medan nedst viser dei rette strekane at aktiviteten ved vårt besøk var låg.

Seismografisk overvåking: på bildet øverst blir Sigri vist ei utskrift av tidlegare aktivitet, medan nedst viser dei rette strekane at aktiviteten ved vårt besøk var låg.

Plansje som viser diagram av lavastraumen i 2002 i oransje øvst til høgre, og satelittbilete av øydelagde byområde (i svart) nede til høgre. Nedst til venstre eit glimt av den stadig aktive lavastraumen i vulkanen sitt krater.

Synet som møtte oss då me kryssa grensa tilbake til Rwanda, angivelig eit av landa i Afrika med lågast korrupsjon og med størst økonomisk vekst. Til venstre i biletet FN-soldatar frå India plasserte i Kongo. Det internasjonale nærveret i Kongo er enormt, inkludert hordar av bistandsarbeidarar og –køyrety. Kjensla av å komme ’heim’ meldte seg hos oss begge då me kom attende til Rwanda!

Nyiragongo sett frå grensebyen Gisenyi i Rwanda, også i faresonen ved eit vulkanutbrot. I 2002, derimot, gjekk mesteparten av lavaen ut over Goma. Til høgre i biletet kan berekunstane til Rwandiske kvinner skimtast. Balansen og nakkestyrken er tidvis heilt utruleg.

Plansje med oversikt over fargekodar ved vulkansk aktivitet, plassert ved Røde Kors-huset i Gisenyi (kan skimtast i bakgrunnen). Det gule flagget i høgre hjørne indikerer ein auka men ikkje dramatisk aktivitet. Varslingstid ved eit utbrot er venta å vere minimum eit par dagar, så folk skal normalt sett ha tid til å evakuere.

Rett før me drog attende vart me gjort oppmerksomme på at røyken opplyst av den aktive lavastraumen faktisk var synleg om natta – og det var eit mektig syn! Dette fenomenet eksisterer kun to andre stader på jorda- i Etiopia og i Antarktis.

Fascinerande å sjå ein aktiv vulkan så nært, og rart å føle på kroppen den store økonomiske skilnaden på den andre sida av grensa. Det var også fint å sjå korleis Røde Kors stadig tilpasser seg og arbeider ut i frå behova i forskjellige område rundt omkring i verda. Meir om det fylgjer når eg får tid til å skrive meir.

Det raude korset* til bevegelsen eg er ein del av er eit av verdas mest kjente symbol. Som mange andre nordmenn la eg merke til det allereie som liten då eg såg redningsmannskap på påskefjellet, eller i Dagsrevyen sine reportasjar frå land langt vekke. Det verka klart for meg at det dei gjorde var viktig og veldig bra. Dette er ein av grunnane til at eg no med stor grad av stolthet bér det raude korset dagleg her nede i Rwanda, med ei kjensle av å vere del av noko som er større enn eg sjølv.

Det raude korset i bruk (takk til ko-delegat Sigri Nilsen for lov å bruke bildet)

Det raude korset i bruk (takk til ko-delegat Sigri Nilsen for lov å bruke bildet)

Eg har stadig blitt meir bevisst på kor sterkt og mektig symbolet er, i betydninga at det beskyttar dei som ber det, og kan gje tilgang der andre må vende om. Ikkje minst gjeld dette i krig- og katastrofe-område, der Røde Kors-komiteen og –forbundet har mange av sine operasjonar for å hjelpe folk i nød. Tidlegare ungdomsdelegatar har også fortalt meg korleis dei som einaste bil har blitt sluppe igjennom veisperringar i spente situasjonar eine og åleine på grunn av symbolet og dets betydning.

På same tid inneber det å bere dette symbolet også eit betydeleg ansvar. ”With great power comes great responsibility,” som Onkel Ben i Spider-man seier det. Etter å ha lært meir om verdiane og dei sju prinsippa som Røde Kors bygger på har eg fått større forståing for korleis bevegelsen har oppnådd den stillinga den har i dag, samtidig som eg har blitt meir bevisst på at folk sitt syn på symbolet og bevegelsen er noko som blir skapt dag for dag, på godt og vondt. Dette var også noko me fekk innprenta på regionskontoret i Nairobi då me var innom – at uansett kvar me er, eller kva me gjer – på jobb så vel som på fritida – ja til og med når me søv(!) vil me bli sett på som representantar for Røde Kors. Tidvis har det kjentes som ei bør på skuldrene mine, det å heile tida skulle gjere eit godt inntrykk og ein god jobb for ikkje å svekke Røde Kors sitt rykte. Samtidig er det viktig å ikkje bli handlingslamma av dette, og kanskje heller snu det til noko positivt.

Ko-delegat Sigri og kontaktperson Paul illustrerer god bruk av symbolet.

Ko-delegat Sigri og kontaktperson Paul illustrerer god bruk av symbolet.

Tross alt er det jo ganske stort å få bidra til å oppretthalde eller til og med styrke symbolet og det gode ryktet igjennom mitt opphold her nede. For me er jo her for å gjere ein innsats, og å bistå det lokale Røde Kors med arbeid som er sårt trengt. Allereie før me har komme skikkelig i gang med det me skal gjere har eg merka at folk set stor pris på å ha oss her, og det faktum at me prøvar å lære oss deira kultur og språk. Dette bidreg til at eg i stadig større grad ser på det å bere det raude korset her i Rwanda som ein gylden moglegheit som me må gripe og gle oss over. Dette gjev inspirasjon som eg trur vil komme godt med i ni utfordrande månader framover.

* Eg har vald å fokusere på korset meir enn den (likeverdige) raude halvmånen sidan både Noreg og Rwanda brukar korset og det er det eg forheld meg til på dagleg basis.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.