Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for september 2009

Det raude korset* til bevegelsen eg er ein del av er eit av verdas mest kjente symbol. Som mange andre nordmenn la eg merke til det allereie som liten då eg såg redningsmannskap på påskefjellet, eller i Dagsrevyen sine reportasjar frå land langt vekke. Det verka klart for meg at det dei gjorde var viktig og veldig bra. Dette er ein av grunnane til at eg no med stor grad av stolthet bér det raude korset dagleg her nede i Rwanda, med ei kjensle av å vere del av noko som er større enn eg sjølv.

Det raude korset i bruk (takk til ko-delegat Sigri Nilsen for lov å bruke bildet)

Det raude korset i bruk (takk til ko-delegat Sigri Nilsen for lov å bruke bildet)


Eg har stadig blitt meir bevisst på kor sterkt og mektig symbolet er, i betydninga at det beskyttar dei som ber det, og kan gje tilgang der andre må vende om. Ikkje minst gjeld dette i krig- og katastrofe-område, der Røde Kors-komiteen og –forbundet har mange av sine operasjonar for å hjelpe folk i nød. Tidlegare ungdomsdelegatar har også fortalt meg korleis dei som einaste bil har blitt sluppe igjennom veisperringar i spente situasjonar eine og åleine på grunn av symbolet og dets betydning.

På same tid inneber det å bere dette symbolet også eit betydeleg ansvar. ”With great power comes great responsibility,” som Onkel Ben i Spider-man seier det. Etter å ha lært meir om verdiane og dei sju prinsippa som Røde Kors bygger på har eg fått større forståing for korleis bevegelsen har oppnådd den stillinga den har i dag, samtidig som eg har blitt meir bevisst på at folk sitt syn på symbolet og bevegelsen er noko som blir skapt dag for dag, på godt og vondt. Dette var også noko me fekk innprenta på regionskontoret i Nairobi då me var innom – at uansett kvar me er, eller kva me gjer – på jobb så vel som på fritida – ja til og med når me søv(!) vil me bli sett på som representantar for Røde Kors. Tidvis har det kjentes som ei bør på skuldrene mine, det å heile tida skulle gjere eit godt inntrykk og ein god jobb for ikkje å svekke Røde Kors sitt rykte. Samtidig er det viktig å ikkje bli handlingslamma av dette, og kanskje heller snu det til noko positivt.

Ko-delegat Sigri og kontaktperson Paul illustrerer god bruk av symbolet.

Ko-delegat Sigri og kontaktperson Paul illustrerer god bruk av symbolet.

Tross alt er det jo ganske stort å få bidra til å oppretthalde eller til og med styrke symbolet og det gode ryktet igjennom mitt opphold her nede. For me er jo her for å gjere ein innsats, og å bistå det lokale Røde Kors med arbeid som er sårt trengt. Allereie før me har komme skikkelig i gang med det me skal gjere har eg merka at folk set stor pris på å ha oss her, og det faktum at me prøvar å lære oss deira kultur og språk. Dette bidreg til at eg i stadig større grad ser på det å bere det raude korset her i Rwanda som ein gylden moglegheit som me må gripe og gle oss over. Dette gjev inspirasjon som eg trur vil komme godt med i ni utfordrande månader framover.

* Eg har vald å fokusere på korset meir enn den (likeverdige) raude halvmånen sidan både Noreg og Rwanda brukar korset og det er det eg forheld meg til på dagleg basis.

Advertisements

Read Full Post »

Hotell i Rwanda

Hotell og Rwanda er to ord som eg trur mange forbind på grunn av Hollywood-filmen om hotelldirektøren som tok seg av folk som flykta for livet under folkemordet. Sjølv har eg ikkje sett (den visstnok grusomme) filmen, meir eller mindre bevisst, men eg har lese boka skriven av hotelldirektøren ved Hotel Mille Collines (som betyr ’tusen åser’ på fransk, ein annan ting landet et kjent for). For dei som vil ha eit innblikk i kva som skjedde i dei skjebnesvanger hundre dagane i nittifire kan eg absolutt anbefale boka hans, En ganske alminnelig mann. Eg unngår for enkelheits skuld å skrive namnet til forfattaren og andre prominente personar her på bloggen for å unngå å trakke nokon på tærne eller trekke uønska merksemd, men det burde vere ein grei sak å skjøne kven eg meinar til ein kvar tid.

Her i sentrum av Kigali har me erfart ein realativt stor hyppighet av hotell, mange ganske så luksuriøse, som ruvar nærast som luftspeglingar over dei mange bølgeblikk-dekte leirhusa nedanfor. At det mange stader i verda er store kontrastar og eit gap mellom dei som har mykje og dei som har lite, er noko dei fleste av oss har blitt konfrontert med opp igjennom livet, som regel frå ein privilegert ståstad. Likevel gjer det inntrykk å sjå det i dagleglivet, kanskje spesielt når ein er meir bufast på ein stad, og ikkje berre på gjennomreise. I kor stor grad ein let det gå inn på seg er vanskeleg å seie. Grunnen til at me er her er jo for å stå på dei svakaste si side, og bidra til å redusere menneskeleg liding. Samtidig set ein fort opp eit mentalt skjold mot skjebnane som møter ein på gata dagleg – truleg både for sjølvbeskytting og for å kunne fokusere på sin eigen kvardag, enten det er jobboppgåver, praktiske gjeremål, eller berre å slappe av og lade batteria på fritida. Kanskje er dette nødvendig for å gjere det eg kom hit for å gjere – eller kanskje tenker eg dette for å hindre dårleg samvit. Det einaste sikre er at det nok blir fleire rundar med tankar som desse i månadene som kjem. Og at eg til no har funne det overraskande komfortabelt å ha eit hotellrom å trekke meg tilbake til.

Hotellet vårt i gult under venstre heisekran. Hus med bølgeblikk nede i bildet.

Hotellet vårt i gult under venstre heisekran. Hus med bølgeblikk nede i bildet.


I dette store perspektivet blir våre små uvanlege episodar (les: vente utanfor i ein time midt på natta på at to vakter og resepsjonist skal få opna inngangsdøra, halvtimes ventetid på ein kopp te, få dopapir etter fjerde forsøk, få varmvatn til dusjing i ei bøtte) på vårt mindre luksøriøse Hotel Imanzi (’gut som er jomfru’ på Kinyarwanda) ganske så trivielle og for så vidt lette å akseptere. Eg håpar berre inderleg at eg også kan gjere noko for å betre livet for nokon medan eg er her, sjølv om hotellopphold for dei fleste nok vil forbli ein fjern draum i overskueleg framtid.

Read Full Post »

Det er no ganske nøyaktig ei veke sidan eg og Sigri letta frå Gardermoen for å ta fatt på drygt 9 månader som ungdomsdelegatar. Det kjenst som det har vore mykje lenger, tatt i betraktning alle stader og folk me har møtt sidan då.

Vårt første skikkelige stopp var Nairobi, Kenya. Der var me gjestar på Røde Kors sitt hovudkontor for Aust-Afrika, som også koordinerer arbeidet i Rwanda. Me vart godt tekne hand om, ikkje minst av Ingrid Kristiansen, tidlegare ungdomsdelegat, som no har jobba snart to år som Program Coordinator i Kenya. Det var fint å få litt meir konkret briefing på Røde Kors sitt arbeid i regionen som heilskap, og Rwanda spesielt, samt bli meir oppdaterte på den sosiale og politiske situasjonen i landet. Utover dette vart det også tid til litt meir turist-aktivitetar, inkludert National Museum, der me møtte vår felles venninne frå Røde Kors, Maren, som er i Kenya med Kirkens Nødhjelp (Communication for Change). Kjekt som dette var, må eg vel påstå at safarien i Nairobi National Park (drygt 20

Nashorn i forgrunnen, Nairobi i bakgrunne

Nashorn i forgrunnen, Nairobi i bakgrunne

minutt i bil frå RK-kontoret) var det største minnet herfrå. Eg har før hatt fantastiske opplevingar i Kruger-parken i Sør-Afrika, men dette var ikkje mykje bak. Høgdepunktet var nashorn berre nokre meter unna bilen, med Nairobi-skyline i bakgrunnen.

Men sidan det har me komme oss til Kigali, Rwanda sin hovudstad, og fått innblikk i både Rwanda Røde Kors (inkludert hovudkontoret, der me har hengt mykje av tida), Rwanda sin kultur, og korleis livet artar seg i den mest urbaniserte delen av landet. Me har stort sett brukt tida vår saman med Paul, vår kontaktperson og ansvarleg for ungdomsarbeidet i Røde Kors her nede, samt Aline, fjorårets ungdomsdelegat frå Rwanda til Norge. Det har vore veldig spanande å endeleg komme ned, trass i ein god del venting (African time, for dei som ikkje kjenner til det begrepet).

Eg i ein kjent og kjær positur frå første veka på kontoret på Rwanda RK.

Eg i ein kjent og kjær positur frå første veka på kontoret på Rwanda RK.

Men altså, svært godt å vere på plass her. Det sterkaste inntrykket til no fekk me på minnestaden/museet over folkemordet i 1994. Dette er noko eg kjem tilbake til i seinare postar, men eg kan kort seie at desse grufulle hendingane i løpet av nokre månader for 15 år sidan mildt sagt pregar landet på ein måte det er vanskeleg å forestille seg. Eg har lese litt om det, og det er vanskeleg å fatte at det var her det skjedde, for ein halv mannsalder sidan. På mange måtar verkar livet å ha gått vidare som om lite har skjedd, men dette er nok berre eit førsteinntrykk, på overflata. Men som sagt, meir om dette seinare.

For øvrig har me ete masse god mat, både på hotell og ute saman med Paul og Aline og kjærasten hennar, Eric. I dag var første fridag sidan me starta, noko som kjenst veldig godt-ikkje minst det å ha tid til å lese og tenke litt på eiga hand (samt å skrive blogg). I kveld er me inviterte til Aline sin familie på middag, så dette får bli alt for no.

Read Full Post »

Hei og velkommen til bloggen min! Eg planlegg aa skrive paa denne iallfall dei neste ni maanadene, for aa gje eit innblikk i kva som skjer i livet mitt og kva eg tenker om det. I korte trekk skal eg, Harald Viken (28) fraa Bud/Fraena/More og Romsdal, vere ungdomsdelegat for Rode Kors Ungdom i Rwanda i tida som kjem, saman med Sigri Aurora Stokke Nilsen fraa Alta. Me skal vere basert hovudsakleg i Butare/Huye i Soer-Rwanda, nokre timar fraa grensa til Burundi. Arbeidsoppgaver er ikkje heilt spikra endaa, men vil truleg inkludere aa bistaa ungdomsarbeidet paa lokalt, regionalt og nasjonalt plan, baade igjennom konkret informasjonsarbeid, igjennom kapasitetsbygging og aa faa meir ungdom engasjerte og aktive i Rode Kors sitt arbeid i landet.

Denne bloggen er meint aa skulle oppdatere min familie og vener, samt andre som skulle vere interesserte i kva ein Rode Kors Ungdomsdelegat opplever. Eg haaper aa klare aa balansere innhalde mellom interessant faktastoff om korleis Rode Kors arbeider her i landet, samtidig som eg ynskjer aa formidle meir eller mindre personlege refleksjonar basert paa mine erfaringar. Dersom Internett-koplinga her nede tillet det, vil ogsaa bilete bli ein sentral del av uttrykket mitt paa denne sida. Daa vil eg berre seie at eg vonar mange vil fylgje bloggen vidare, og at DU tek kontakt med meg her eller via privat melding dersom du har sporsmal, helsingar eller andre kommentarar, f.eks. til ting som er bra eller mindre bra med form eller innhald paa bloggen. Enjoy :)

Read Full Post »