Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for oktober 2009

Endeleg har me fått oss det ein kan kalle for ein heim. Me ankom Butare i sørlege Rwanda på søndag, og drog direkte til leiligheita/det vesle huset som me skal bu i fram til juni (ikkje 15 kvadratmeter-lite som det eg hadde i Cape Town, men ellers ganske likt faktisk). Det var ein stor lettelse å få komme seg dit, og byrje pakke ut bagasjen vår meir ’for godt’ enn tidlegare, når me gjerne har reist frå rom til rom på diverse hotell og gjesteleilighetene til Rwanda Røde Kors i Kigali.

Herlegdomen sjølv - altså i midten, utan balkong. Kan komme til å bli kjent som Festung Norwegen.

Herlegdomen sjølv-altså i midten, utan balkong. Kan komme til å bli kjent som Festung Norwegen.

Det å ha ein base å ha som vår eigen (og berre vår), har faktisk ganske mykje å seie, og for både meg og særleg Aurora (eller Sigri, som dei fleste andre kallar henne) har det vore ei stund sidan me hadde ein meir permanent heim etter studia. Difor kjenst det kanskje ekstra godt å vere på plass no.
Snapshot av mitt kjære rom - for øyeblikket i kaste-ting-utover-for-å-pakke-til-Kigali-modus. Foreløpig med myggnetting som einaste dekorasjon.

I tilknyting til det å ha ein heim er også det å ha større kontroll over eiga tid ei stor forandring frå den første månaden. I Kigali og på reise rundt i Rwanda og naboland har me blitt veldig godt teke vare på av folk som vil oss alt vel. Men samtidig har det vore ein viss ufrihet over det heile, i og med at me aldri har hatt mykje kontroll over dagane våre. Dette er ein annan faktor til at me no i vår nye heim kan etablere våre eigne rutiner, som kjenst veldig godt, enten det er snakk om det å kunne tilberede eigen mat, etablere treningsvanar eller å ha større fridom sosialt på kveldstid (har truffe ei handfull belgiarar her som me har ete middagar og spela brettspel med-veldig trivelig!). Også veldig greit når ein kan komme seg kvar som helst i byen på moto-taxi for 4-5 kroner.
Kjent og kjær rundkøyring med utsikt over Kigali (mot nasjonalstadion). I forgrunnen kjent og kjær moto (sjølv om me berre har lov å køyre dei i Butare).

I det eg skal poste dette innlegget sit me på det som rakk å bli vår stam-(Internett)café i Kigali. Og jammen har den ikkje rukke å bli litt heim den au, i likhet med byen sjølv, noko eg merka då Volcano-bussen frå Butare snegla seg opp den siste bakken opp til rundkøyringa i sentrum – trass i pøsregnet og tordenskrallet som starta i øyeblikket me gjekk av bussen. Eller kanskje nettopp derfor.
Bourbon cafe. Utan regn for ein gongs skuld, med kveldsstemning, og med Internett som funkar. Då kan ein ikkje klage.

Advertisements

Read Full Post »

I det siste har det blitt mykje reising rundt, og me har sett mykje av både natur, menneske og Røde Kors-aktivitetar av ymse slag. Medan eg framleis har ok Internett-tilgang tenkte eg å legge ut ein del bilete for å gje eit innblikk i kva me har opplevd.

Først ut er vårt besøk til nabo- og grensebyane Gisenyi (Rwanda) og Goma (Demokratiske Republikken Kongo, DRC). I sistnemnte besøkte me observatoriet som overvåkar aktiviteten i vulkanane i området, som stadig utgjer ein trussel for folk som bur der.

Utsikt frå vulkanobservatoriet i Goma, mot Nyiragongo, som i 2002 hadde eit digert utbrudd. Meir enn 100.000 menneske mista heimane sine, medan rundt 45 mista livet. Det står som regel alltid ei sky av gass ut frå den aktive vulkanen. Fotograf: Sigri Aurora Stokke Nilsen.

fekk omvisning inne på observatoriet og innblikk i korleis overvåkinga foregår- her satelittbilete over endringar i jordoverflata i tida rundt utbrotet i 2002. Finansieringa står forøvrig EU for.

Seismografisk overvåking: på bildet øverst blir Sigri vist ei utskrift av tidlegare aktivitet, medan nedst viser dei rette strekane at aktiviteten ved vårt besøk var låg.

Plansje som viser diagram av lavastraumen i 2002 i oransje øvst til høgre, og satelittbilete av øydelagde byområde (i svart) nede til høgre. Nedst til venstre eit glimt av den stadig aktive lavastraumen i vulkanen sitt krater.

Synet som møtte oss då me kryssa grensa tilbake til Rwanda, angivelig eit av landa i Afrika med lågast korrupsjon og med størst økonomisk vekst. Til venstre i biletet FN-soldatar frå India plasserte i Kongo. Det internasjonale nærveret i Kongo er enormt, inkludert hordar av bistandsarbeidarar og –køyrety. Kjensla av å komme ’heim’ meldte seg hos oss begge då me kom attende til Rwanda!

Nyiragongo sett frå grensebyen Gisenyi i Rwanda, også i faresonen ved eit vulkanutbrot. I 2002, derimot, gjekk mesteparten av lavaen ut over Goma. Til høgre i biletet kan berekunstane til Rwandiske kvinner skimtast. Balansen og nakkestyrken er tidvis heilt utruleg.

Plansje med oversikt over fargekodar ved vulkansk aktivitet, plassert ved Røde Kors-huset i Gisenyi (kan skimtast i bakgrunnen). Det gule flagget i høgre hjørne indikerer ein auka men ikkje dramatisk aktivitet. Varslingstid ved eit utbrot er venta å vere minimum eit par dagar, så folk skal normalt sett ha tid til å evakuere.

Rett før me drog attende vart me gjort oppmerksomme på at røyken opplyst av den aktive lavastraumen faktisk var synleg om natta – og det var eit mektig syn! Dette fenomenet eksisterer kun to andre stader på jorda- i Etiopia og i Antarktis.

Fascinerande å sjå ein aktiv vulkan så nært, og rart å føle på kroppen den store økonomiske skilnaden på den andre sida av grensa. Det var også fint å sjå korleis Røde Kors stadig tilpasser seg og arbeider ut i frå behova i forskjellige område rundt omkring i verda. Meir om det fylgjer når eg får tid til å skrive meir.

Read Full Post »