Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘8.mai’

Dette er siste dag som ungdomsdelegat på afrikansk jord, så eg tenkte det var på sin plass med eit siste (kort) blogg-innlegg. Eg har opplevd utruleg mykje spanande sidan 13.september, då eg landa her i Nairobi. Difor sit eg no veldig takksam for at eg har fått denne sjansen og at eg valde å gripe han.

Noko av det som har gjort sterkast inntrykk er positiviteten og engasjementet, samt rekrutteringa, blant unge Røde Kors-frivillige her i Rwanda. Dette er absolutt noko me heime kan lære mykje av!

Den største utfordringa, slik eg ser det, er mangel på informasjon. Ungdom i Rwanda har få kanalar for å få vite om Røde Kors sine prinsipp, historie og aktivitetar. Også dette i sterk kontrast til Norge, der tilgangen på Internett er så godt som fullstendig, og ein på få sekund kan finne det meste ein lurer på. Her er informasjonsoverflod, heller enn manko, hovudutfordringa. Dessutan får me i Noreg bortimot kasta formell utdanning etter oss, noko som gjer at verdien av den nok forsvinn ut av syne for mange. Dette er forståeleg, men veldig synd, med tanke på kor verdifull den er, og kor mange unge som tørstar etter slike moglegheiter rundt om kring i verda.

Det var alt eg rakk å skrive no – og om 1 døgn er eg vonleg attende i Oslo. Mange gode gjensyn ventar, men minna herfrå vil nok skine lenge, både frå Røde Kors og frå gode vener eg har fått. Eg legg ved nokre eksempel under. Takk til alle som har fylgd bloggen min – eg vonar å treffe mange av dykk i sommar!

Alt godt,
Harald

Skuespel om Røde Kors sin rolle i væpna konflikter, på 8.mai-arrangementet vårt.

Skuespel om Røde Kors sin rolle i væpna konflikter, på 8.mai-arrangementet vårt.

Konsentrerte tilskodarar den same dagen - altså den Internasjonale Dagen for Røde Kors/Røde Halvmåne.

Konsentrerte tilskodarar den same dagen - altså den Internasjonale Dagen for Røde Kors/Røde Halvmåne.

Kvardag: bakpå ein moto, på veg til kontoret.

Kvardag: bakpå ein moto, på veg til kontoret.

Kurs i ikkjevaldeleg kommunikasjon. Arrangert av instruktørar opplærte av oss. Litt stolt :)

Kurs i ikkjevaldeleg kommunikasjon. Arrangert av instruktørar opplærte av oss. Litt stolt 🙂

Same kurs, denne gongen med annan metodikk

Same kurs, denne gongen med annan metodikk

Avskjedsfest for Laura, med Lilli og Carla frå Tyskland.

Avskjedsfest for Laura, med Lilli og Carla frå Tyskland.

Butare Crew: Harald, Vincent (Belgia), Sigri, Laura (Belgia)

Butare Crew: Harald, Vincent (Belgia), Sigri, Laura (Belgia)

Saman med frivillige, alle universitetsstudentar og hardtarbeidande frivillige!

Saman med frivillige, alle universitetsstudentar og hardtarbeidande frivillige!

Gåveoverrekking i Butare: president Edmond storkosar seg som utdelar.

Gåveoverrekking i Butare: president Edmond storkosar seg som utdelar.

Advertisements

Read Full Post »

Innsamlingsaksjon - både folk og kleskorger er godt merka med symbolet.

Innsamlingsaksjon - både folk og kleskorger er godt merka med symbolet.

Eksamenstid = Røde Kors-tid!

Mai er eksamensmånad, både i Norge og i Rwanda. Heime i Noreg har frivillige organisasjonar ein tendens til å gå i dvale når perioden for prøvene står på. Her i Rwanda, derimot, blir Røde Kors-aktivitetar prioritert, trass i at mange har skule å tenke på. Og utdanning er ikkje akkurat mindre verdsett her enn heime blant dei heldige få som får lov/råd til å gå på universitetet, for å seie det slik!

Allsidige aktivitetar fram mot 8.mai

Denne veka er det 8.mai-markering (for dei som ikkje veit det: den internasjonale Røde Kors-dagen) og feiring av Røde Kors ei veke til endes her i Rwanda, og spesielt i Butare, etter at dei førre norske ungdomsdelegatane Carina og Camilla la ned ein stor innsats her i fjor. Aktivitetane som står på programmet er:

Innsamling av klede/pengar til dei trengande på sjukehus

Stand med Røde Kors-informasjon og medlemsverving

Gangfeltsmaling og trafikk-sikkerhetskampanje (zebra crossing)

Blodgjeving

Sportsarrangement med fotballkamp, song, sketsjar og diktopplesing

Verdifull innsats

Eg kjem seinare tilbake til dei forskjellige aktivitetane nemnt her, men i dag vil eg berre publisere nokre bilete frå gårsdagens innsamling. Røde Kors student-gruppa ved National University of Rwanda gjorde ein flott innsats i 3-4 timar, trass i at nokre har eksamen allereie i morgon! Som så mange gonger før har NUR-studentane vist stort engasjement for å hjelpe dei som treng det mest.

Den samla mengden pengar og ting blir først klar på laurdag, då desse skal delast ut på to sjukehus her i Butare. Fasilitetane for dei som er innlagte her er nemleg veldig reduserte, så å bli støtta med litt mat eller klede er kjærkomment.

Du kan også gjere noko heime i Noreg

Med dette vil eg oppfordre alle heime i Norge, eksamenstid eller ei, til å gjere ein innsats som bøssebærarar eller i det minste som givarar laurdag 8.mai – de vil i så fall kunne bistå menneske som befinn seg i ein sårbar situasjon, både i Norge og i utlandet. Les meir om Røde Kors sitt arbeid på: www.rodekors.no.

Gå inn på http://www.rodekorsaksjonen.no/ for å registrere deg som bøssebærar, eller gå hit for å gi ein 50-lapp (eller meir) for å hjelpe Røde Kors Ungdom med å nå målet for årets 8.mai-innsamlingsaksjon.

Røde Kors-søsken: Chantal (til venstre) hjelper oss i huset, samtidig som ho er frivillig innan helse. Edmond (til høgre) er president for dei frivillige i Huye distrikt.

Røde Kors-søsken: Chantal (til venstre) hjelper oss i huset, samtidig som ho er frivillig innan helse. Edmond (til høgre) er president for dei frivillige i Huye distrikt.

Norbert, tidlegare RK-president på universitetet, viser veg, medan dei andre frivillige ser på listene over butikkar som allereie er spurt om å bidra.

Norbert, tidlegare RK-president på universitetet, viser veg, medan dei andre frivillige ser på listene over butikkar som allereie er spurt om å bidra.

Eit knippe frivillige på vei ut for å spørje det lokale næringsliv om å hjelpe trengande på sjukehusa.

Eit knippe frivillige på vei ut for å spørje det lokale næringsliv om å hjelpe trengande på sjukehusa.

Eg fylgjer to frivillige rundt på leiting etter småbedrifter som kan bidra med ein slant, noko tøy el.l.

Eg fylgjer to frivillige rundt på leiting etter småbedrifter som kan bidra med ein slant, noko tøy el.l.

Me prøvar lykken i ein lokal bokhandel..

Me prøvar lykken i ein lokal bokhandel..

Venting i spaning på om dama bak disken har noko å bidra med til innsamlinga...

Venting i spaning på om dama bak disken har noko å bidra med til innsamlinga...

Og bidra, det var ho villig til - her blir beløpet ført opp på lista.

Og bidra, det var ho villig til - her blir beløpet ført opp på lista.

Morosjappe: morosam sjappe med morosamt namn.

Morosjappe: morosam sjappe med morosamt namn.

Ny fangst: denne gongen klede frå ei systue.

Ny fangst: denne gongen klede frå ei systue.

Eg stiller som regel opp når eg blir spurt om å posere, her ved endt misjon, saman med Isaiah og Jean Claude.

Eg stiller som regel opp når eg blir spurt om å posere, her ved endt misjon, saman med Isaiah og Jean Claude.

Butare by night: som seg hør og bør må eg ta eit natt-bilete med Røde Kors-banneret over byen, med påminnelse om at 8.mai er offisiell dag for Røde Kors og Røde Halvmåne.

Butare by night: som seg hør og bør må eg ta eit natt-bilete med Røde Kors-banneret over byen, med påminnelse om at 8.mai er offisiell dag for Røde Kors og Røde Halvmåne.

Read Full Post »