Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘HQ’

Jumping in front of the Himalayas

Etter ein liten ferie til (nydelege!) Nepal og besøk til Røde Kors ungdomsdelegatar der (har byrja legge ut bilder her), er eg no tilbake på kontoret vårt i Ngoma (Butare). Første dagane etter retur til Rwanda gjekk med til eit stort møte der ca. 50 tilsette i Rwanda Røde Kors (RRC) deltok, dei fleste frå hovudkontoret. Formålet var å gå igjennom status og evaluere dei forskjellige programma som RRC driv i landet. Det vil seie: helse, katastrofehandtering (DM), organisasjonsutvikling (OD), informasjon og formidling, sporing (av familiemedlemmer som har komme bort frå kvarandre) og sosiale prosjekt (som OVC-prosjektet me har besøkt fleire gonger). Det heile foregjekk her i Butare over tre dagar, så me fekk møtt og oppfriska bekjentskapet med mange av dei som jobbar i Kigali, inkludert å diskutere nokre av våre aktivitetar. Det var ikkje alltid like enkelt å fylgje innhaldet sidan møtet foregjekk på kinyarwanda, men det var uansett lærerikt å få innblikk i korleis møter foregår om slike store spørsmål her i landet og organisasjonen.

Røde Kors ungdomsgruppe som me besøkte saman med blant andre ungdomspresidenten.

Røde Kors ungdomsgruppe som me besøkte saman med blant andre ungdomspresidenten.

Me har også siste veka vore på besøk hos ei Røde Kors-gruppe på ein skule som har ein veldig høg andel studentar med diverse fysiske funksjonshemmingar – ei flott gruppe som sette veldig stor pris på at me kom. Dessutan har me hatt møter med RK-komiteen i distriktet, med universitetsgruppa og med RK ungdom-presidenten her i landet for å planlegge samarbeidet vidare (det vil seie, mesteparten av dette gjorde Sigri mens eg var på ferie – ho skal ha stor skryt for alt ho har fått til mens eg har vore borte!) Så aktivitetskalenderen for resten av våren byrjar å fyllest opp – med mange spanande og meiningsfulle aktivitetar (meir info fylgjer).

Møte med presidenten (t.h.) og visepresidenten i Huye-distriktet Røde Kors.

Møte med presidenten (t.h.) og visepresidenten i Huye-distriktet Røde Kors.

Av andre ting som skjer for tida så er ei utveksling med danske ungdomsdelegatar basert i Uganda på trappene. Me får besøk av dei her i Butare på fredag og laurdag og planlegg å vise dei nokre aktivitetar me driv på me her, samt utveksle erfaringar og idéar rundt det å vere skandinavisk ungdomsdelegat i Øst-Afrika. I byrjinga av mars er planen å dra nordover og besøke dei og prosjekt dei driv der. Det hadde også vore veldig spanande å få til ei Røde Kors-utveksling mellom rwandisk og ugandisk ungdom, framover, så me får sjå kva me kan få til på sikt.

Alt i alt er det godt å komme tilbake på jobb og ha mange jern i ilden! Skal prøve å oppdatere meir regelmessig på kva som skjer framover – så det er berre å sjekke denne sida igjen snart 😉

Å vere tilbake i Butare inneber også stam-mat på stam-restauranten: geite-spyd på Faucon!

Å vere tilbake i Butare inneber også stam-mat på stam-restauranten: geite-spyd på Faucon!

Advertisements

Read Full Post »