Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘konflikt’

Utveksling er sjølve kjernen i det å vere ungdomsdelegat. Me tolv Røde Kors-frivillige frå Noreg, Sudan, Rwanda og Nepal skal utveksle kunnskap, erfaringar og inspirasjon mellom våre heimland, igjennom å bidra med vår bakgrunn i det landet me er utplasserte. Like viktig, vel å merke, er det å få oppleve korleis Røde Kors sitt ungdomsarbeid fungerer i eit land forskjellig frå vårt eige, og å formidle desse opplevingane til ungdom i våre heimland. I det siste har me fått ei utvida utveksling som del av vårt opphald her, nemlig igjennom først å ha besøk av, og så å vere på besøk hos våre nye danske vener som er langtidsfrivillige i Uganda for Ungdommens Røde Kors.

Danskane (Ane, Louise, Christin, Christian) blir presentert for Røde Kors-gruppa på universitetet i Butare, i anledning valg av ny komité.

Danskane (Ane, Louise, Christin, Christian) blir presentert for Røde Kors-gruppa på universitetet i Butare, i anledning valg av ny komité.

Møte med Paul, kontaktpersonen vår (midten), og Wilson, Røde Kors sin ungdomspresident i Rwanda (til høgre).

Møte med Paul, kontaktpersonen vår (midten), og Wilson, Røde Kors sin ungdomspresident i Rwanda (til høgre).

Som ein parallell til det geografiske forholdet mellom Norge og Danmark, ligg Uganda rett nord for Rwanda og er ca. 10 gonger så stort. Som Rwanda, derimot, er også Uganda herja av konflikt på ein skala heilt ukjent for oss skandinavar. Det nordlege Uganda har i meir enn tjue år vore åstad for krigshandlingar mellom the Lord’s Resistance Army (Herrens motstandshær – LRA) og regjeringsstyrkar (UPDF). Resultatet er titusenar med døde, meir enn to millionar internt fordrevne (der nær halvparten er born under 15 år), samt vel 20.000 barn som har blitt tvinga til å bli barnesoldatar. Tvangsarbeid og sexslaveri er også skjebnen for alt for mange born.

Me fekk beskjed om å hoppe av bussen då me såg dette skiltet, ein times tid utanfor hovudstaden Kampala.

Me fekk beskjed om å hoppe av bussen då me såg dette skiltet, ein times tid utanfor hovudstaden Kampala.

Danske Ungdommens Røde Kors har samarbeidd med Uganda Røde Kors i over tjue år, så for oss som del av andre års samarbeid mellom Norge og Rwanda er det mykje å lære! Også i Uganda er fokuset på aktivitetar av og for unge. Kvart år reiser åtte ungdomsfrivillige frå Danmark til Uganda for fem månader, for å samarbeide med ’Task Force’-grupper beståande av ugandiske ungdomsleiarar, om å trene opp ungdom i såkalla Life Planning Skills (livsplanleggingsferdigheiter – LPS – meir om det under). To danske langtidsfrivillige er i Uganda i sju månader, og samarbeider med 4 overordna ungdomsleiarar frå Uganda i å trene opp ’Task Force’-grupper, halde leiarkurs, og evaluere programmet.

Eg mellom Brendah (til venstre) og Ane (til høgre) - Røde Kors Ungdom frå Uganda, Rwanda/Noreg og Danmark i skjøn foreining.

Eg mellom Brendah (til venstre) og Ane (til høgre) - Røde Kors Ungdom frå Uganda, Rwanda/Noreg og Danmark i skjøn foreining. Foto: Sigri Stokke Nilsen.

Det er desse to noverande langtidsfriviljuge, Ane og Christian, som me har blitt kjent med den siste månaden, saman med Louise og Christin, som er i Uganda for å utvikle eit tilleggsprosjekt av LPS, spesifikt retta mot å hjelpe ungdom i eit samfunn prega av vald til å planlegge ei framtid. Igjennom danskane fekk me også møte og bli kjent med Brendah og Samuel, ugandiske ungdomsleiarar som gjer ein super innsats i å lære opp andre.

Louise og Samuel - utanfor kontoret til Apac Red Cross Branch i nordre Uganda.

Louise og Samuel - utanfor kontoret til Apac Red Cross Branch i nordre Uganda.

Hovudfokuset til Ungdommens Røde Kors i Uganda er basert på ynskjet til Uganda Røde Kors om å ha eit konkret prosjekt som direkte henvender seg til ungdom og deira livssituasjon. Dette gjer dei no igjennom det afrikansk/amerikansk-utvikla konseptet Life Planning Skills. Dette er ei samling av 12 undervisingsbolkar, der ungdom lærer opp ungdom i fylgjande tema:

1 Personlege verdiar, familieverdiar og samfunnsverdiar
2 Kommunikasjon
3 Pubertet
4 Seksualitet
5 Skadelege tradisjonelle praksisar (som til dømes omskjæring av jenter)
6 Kjønnsroller og likestilling
7 Forhold/relasjonar
8 Tenåringsgraviditet
9 Seksuelt overførbare sjukdomar
10 HIV og Aids
11 Rusmisbruk, inkludert narkotika og alkohol
12 Å planlegge framtida

LPS-undervisning i Lowero, utført av Brendah for ein lokal gruppe Task Force-medlemmer som snart skal ut og instruere ungdom på sin skule.

LPS-undervisning i Lowero, utført av Brendah for ein lokal gruppe Task Force-medlemmer som snart skal ut og instruere ungdom på sin skule.

Prosjektet Louise og Christin jobbar med handlar både om å lindre og minske mentale lidingar konflikten kan ha påført ungdom, og om det å førebyggje og handtere nye konfliktar igjennom fokus på forskjellige måtar å handle og kommunisere i konfliktsituasjonar.

Dramatiske scener då ei ungdomsgruppe i Apac utfører eit rollespel om landsbykonflikt.

Dramatiske scener då ei ungdomsgruppe i Apac utfører eit rollespel om landsbykonflikt.

Dette prosjektet har mange fellestrekk med vår workshop om ikkje-valdeleg kommunikasjon og mekling som eg heldt med Gatemeklings-metodikk her i Rwanda i januar. Å sjå korleis det nye opplegge fungerte i praksis i Uganda gav både nye idéar og inspirasjon til å halde fram med dette arbeidet i Rwanda.

Den skal tidleg krøkast...

Den skal tidleg krøkast...

Nysgjerrige tilskodarar til kva dei eldre ungdomane held på med.

Nysgjerrige tilskodarar til kva dei eldre ungdomane held på med.

Louise gjev feedback.

Louise gjev feedback.

LPS-undervising med fokus på konflikt og kommunikasjon - for anledninga innandørs.

LPS-undervising med fokus på konflikt og kommunikasjon - for anledninga innandørs.

Opplegget vart nøye observert både innanfrå og utanfrå lokalet.

Opplegget vart nøye observert både innanfrå og utanfrå lokalet.

Alt i alt var det veldig spanande å sjå det gode arbeidet gjort i Uganda av dyktige frivillige, både frå Danmark og Uganda. Ikkje minst var det godt å sjå kor stort ansvar lokal ungdom tok for å spreie kunnskap og gode haldningar til andre unge i sine lokalmiljø. Det var også interessant å oppleve ein ganske anna tilnærming til samarbeidet enn det me har i Rwanda, ved at det i Uganda er eit såpass konkret og kontinuerleg prosjekt som LPS. Vonleg kan desse lærdomane bli med på å vidareutvikle vårt eige ungdomsdelegatprogram og slik sett føre noko godt med seg for Røde Kors og trengande i Rwanda i framtida.

Sigri poserer saman med ansatte og frivillige i Apac Branch Red Cross.

Sigri poserer saman med ansatte og frivillige i Apac Branch Red Cross.

Gulu by night - fram til 2007 skjedde det mange LRA-angrep i denne byen i nordlege Uganda - men no kunne me sjekke ut nattelivet utan problem.

Gulu by night - fram til 2007 skjedde det mange LRA-angrep i denne byen i nordlege Uganda - men no kunne me sjekke ut nattelivet utan problem.

Read Full Post »

No har det vore veldig lenge sidan eg har skrive noko på denne bloggen, men er endeleg i gang igjen med arbeidet her nede etter ein god ferie heime i Norge med familie og vener. Det var herlig å sjå folk igjen, samtidig som det kjennest veldig bra å raskt ha komme inn i livet her etterpå, både sosialt og ikkje minst med Røde Kors-arbeid. I praksis har dette betydd å treffe igjen gode vener her i Butare, samt arrangering av fire fulle dagar og tre kveldar med workshop i konflikthandtering og mekling, maaaaange timar planlegging på kvardag og helg, 12 fornøgde deltakarar, mykje artige aktivitetar og 2 stk ganske så slitne ungdomsdelegatar dagen etter kursavslutning.

Eg i aksjon som kurshaldar, i skjorte og finsko i anledning avslutningsdagen.

Eg i aksjon som kurshaldar, i skjorte og finsko i anledning avslutningsdagen.

Temaet for verkstaden var konfliktforståelse, følelsar i konflikt, kommunikasjon, mekling, og instruktør-opplæring, og er direkte henta frå Gatemeklings-eininga i Oslo Røde Kors, som har som formål å lære opp ungdom til å handtere eigne og andre sine konfliktar utan å bruke vald. Eg har også teke kurs om mekling og konflikthandtering på universiteta i Oslo og Cape Town, så dette er noko eg brenn masse for og er skikkelig glad for å ha fått gjennomført, med super hjelp frå Sigri, som skal ha stor honnør for å kaste seg uti det!

Sigri, som overraskande nok har finare handskrift enn meg, skriv programmet for dagen.

Sigri, som overraskande nok har finare handskrift enn meg, skriv programmet for dagen.

Opplegget er basert på ein god blanding av forskjellige metodar, inkludert individuelt, par- og gruppearbeid, masse leikar, noko tavlebasert, rollespel, testar og så vidare. Denne variasjonen gjer det lettare både for deltakarane og for oss å halde fokus og ha det artig, samt forhåpentligvis å få til mykje læring! Slik at sjølv om me merkar at det er ein del kulturforskjellar – kanskje ikkje minst i ein uvanthet med det å snakke om og fokusere på følelsar – så er det kjekt å få oppmuntrande kommentarar som ’the best methodology I have ever seen’ frå deltakarar.

Felles varm lunsj. I Rwanda er det vanlig å forsyne seg éin gong – rikeleg! Forståeleg med kun to eller tre måltid per dag.

Felles varm lunsj. I Rwanda er det vanlig å forsyne seg éin gong – rikeleg! Forståeleg med kun to eller tre måltid per dag.

Triveleg å ete saman og slå av ein prat som eit avbrekk midt på dagen.

Triveleg å ete saman og slå av ein prat som eit avbrekk midt på dagen.

Spesielt spanande er det å ha konfliktverkstad i eit land med ei historie som Rwanda. Eit av ynskja deltakarane kom med i byrjinga av kurset var å bruke konflikten i heimlandet som eit eksempel, noko både me og deltakarane kom inn på. Kurset fokuserer først og fremst på konfliktar i nærmiljøet og i ungdomskretsar, men mykje av konflikt- og meklingsteorien me brukar er meint å vere ganske universell opp til statsnivå og i internasjonale relasjonar. Det er ganske utfordrande å diskutere konflikt knytt opp til historia i landet her, særlig når mange av dei me kjenner har mista både foreldre og søsken i folkemordet. Samtidig er det veldig sterkt, men positivt, når deltakarar opnar seg litt og deler sine syn og erfaringar på konflikten. Ikkje minst var det spanande å høyre om forskjellige måtar konfliktar har blitt løyst på her i landet; i familien har ei løysing tradisjonelt sett vore at svigerfar fungerar som meklar mellom ektefellar; i konfliktar mellom privatpersonar på landsbygda har eit råd av eldre gjerne samla seg for å vurdere saken, og der løysinga går ut på at den som forårsaka problemet symbolsk vartar opp dei andre med sorghum-øl som dei deler etter prosessen for å setje strek; og ikkje minst den svært interessante praksisen gacaca, ein tradisjonell metode brukt etter folkemordet som legg opp til at offer og gjerningsmenn fortel sine historier offentleg, for så at anerkjennelse og samfunnsarbeid blir tildelt, med fokus på at begge partane skal kunne gå tilbake til samfunnet og leve saman igjen. At folk her i dag lever så tett og fredeleg saman berre 15 år etter folkemordet er noko det kan takast stor lærdom frå, også her i Norge, kvar kven som var ven og kven som var fiende under Krigen kanskje endå ikkje har blitt gløymt.

Deltakarar førebur sin ’eksamen’: å ha eit undervisningsopplegg på 20 minutt for resten av gruppa.

Deltakarar førebur sin ’eksamen’: å ha eit undervisningsopplegg på 20 minutt for resten av gruppa.

Etter fullført kurs skal det no bli spanande å sjå kva desse deltakarane får til av opplæring av andre, og evt mekling av konfliktar i sine miljø (me skal ha planleggingsmøte denne veka). Engasjementet har iallfall vore stort, og deltakarane sjølve har fokusert rett mykje på viktigheita av slikt arbeid her i landet, for å dempe både fortidige og eventuelt framtidige motsetningar mellom folk.

Deltakarundervisning i vår standard organisering av rommet – alle saman i same sirkel.

Deltakarundervisning i vår standard organisering av rommet – alle saman i same sirkel.

For min og Sigri sin del er det no informasjonsarbeid som står øvst på programmet vidare, samt at Lotte, sjefen vår i Norge, kjem på besøk til helga for å helse på og evaluere opplegget her nede. Og eg kan opplyse om at bloggoppdateringa mi vil bli betre framover. Så det er berre å gle seg! 🙂
-H

Ein deltakar presenterer tips til god kommunikasjon – ein hjørnestein i konflikthandtering.

Ein deltakar presenterer tips til god kommunikasjon – ein hjørnestein i konflikthandtering.

Inn i ringen – ein artig øvelse som set kreativiteten på prøve. Her første deltakar ut.

Inn i ringen – ein artig øvelse som set kreativiteten på prøve. Her første deltakar ut.

Andre deltakar i ’Inn i ringen’ utforskar utfordringa som ligg føre.

Andre deltakar i ’Inn i ringen’ utforskar utfordringa som ligg føre.

Tredje deltakar prøvar å manøvrere seg inn i ringen blant dei andre.

Tredje deltakar prøvar å manøvrere seg inn i ringen blant dei andre.

Meklingsrollespel: Eg og Sigri spela to gutar i ein konflikt medan alle kursdeltakarane fekk prøve å mekle mellom oss. Eg storkosa meg og det vart eit godt sluttresultat.

Meklingsrollespel: Eg og Sigri spela to gutar i ein konflikt medan alle kursdeltakarane fekk prøve å mekle mellom oss. Eg storkosa meg og det vart eit godt sluttresultat.

Sigri – litt sliten etter mange lange dagar og endå fleire skrivne flipover-plansjar.

Sigri – litt sliten etter mange lange dagar og endå fleire skrivne flipover-plansjar.

Nokre av deltakarane poserer saman med kurshaldarane for å markere at kurset er over og at alle har blitt instruktørar i konflikthandtering!

Nokre av deltakarane poserer saman med kurshaldarane for å markere at kurset er over og at alle har blitt instruktørar i konflikthandtering!

Read Full Post »