Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Norge’

Innsamlingsaksjon - både folk og kleskorger er godt merka med symbolet.

Innsamlingsaksjon - både folk og kleskorger er godt merka med symbolet.

Eksamenstid = Røde Kors-tid!

Mai er eksamensmånad, både i Norge og i Rwanda. Heime i Noreg har frivillige organisasjonar ein tendens til å gå i dvale når perioden for prøvene står på. Her i Rwanda, derimot, blir Røde Kors-aktivitetar prioritert, trass i at mange har skule å tenke på. Og utdanning er ikkje akkurat mindre verdsett her enn heime blant dei heldige få som får lov/råd til å gå på universitetet, for å seie det slik!

Allsidige aktivitetar fram mot 8.mai

Denne veka er det 8.mai-markering (for dei som ikkje veit det: den internasjonale Røde Kors-dagen) og feiring av Røde Kors ei veke til endes her i Rwanda, og spesielt i Butare, etter at dei førre norske ungdomsdelegatane Carina og Camilla la ned ein stor innsats her i fjor. Aktivitetane som står på programmet er:

Innsamling av klede/pengar til dei trengande på sjukehus

Stand med Røde Kors-informasjon og medlemsverving

Gangfeltsmaling og trafikk-sikkerhetskampanje (zebra crossing)

Blodgjeving

Sportsarrangement med fotballkamp, song, sketsjar og diktopplesing

Verdifull innsats

Eg kjem seinare tilbake til dei forskjellige aktivitetane nemnt her, men i dag vil eg berre publisere nokre bilete frå gårsdagens innsamling. Røde Kors student-gruppa ved National University of Rwanda gjorde ein flott innsats i 3-4 timar, trass i at nokre har eksamen allereie i morgon! Som så mange gonger før har NUR-studentane vist stort engasjement for å hjelpe dei som treng det mest.

Den samla mengden pengar og ting blir først klar på laurdag, då desse skal delast ut på to sjukehus her i Butare. Fasilitetane for dei som er innlagte her er nemleg veldig reduserte, så å bli støtta med litt mat eller klede er kjærkomment.

Du kan også gjere noko heime i Noreg

Med dette vil eg oppfordre alle heime i Norge, eksamenstid eller ei, til å gjere ein innsats som bøssebærarar eller i det minste som givarar laurdag 8.mai – de vil i så fall kunne bistå menneske som befinn seg i ein sårbar situasjon, både i Norge og i utlandet. Les meir om Røde Kors sitt arbeid på: www.rodekors.no.

Gå inn på http://www.rodekorsaksjonen.no/ for å registrere deg som bøssebærar, eller gå hit for å gi ein 50-lapp (eller meir) for å hjelpe Røde Kors Ungdom med å nå målet for årets 8.mai-innsamlingsaksjon.

Røde Kors-søsken: Chantal (til venstre) hjelper oss i huset, samtidig som ho er frivillig innan helse. Edmond (til høgre) er president for dei frivillige i Huye distrikt.

Røde Kors-søsken: Chantal (til venstre) hjelper oss i huset, samtidig som ho er frivillig innan helse. Edmond (til høgre) er president for dei frivillige i Huye distrikt.

Norbert, tidlegare RK-president på universitetet, viser veg, medan dei andre frivillige ser på listene over butikkar som allereie er spurt om å bidra.

Norbert, tidlegare RK-president på universitetet, viser veg, medan dei andre frivillige ser på listene over butikkar som allereie er spurt om å bidra.

Eit knippe frivillige på vei ut for å spørje det lokale næringsliv om å hjelpe trengande på sjukehusa.

Eit knippe frivillige på vei ut for å spørje det lokale næringsliv om å hjelpe trengande på sjukehusa.

Eg fylgjer to frivillige rundt på leiting etter småbedrifter som kan bidra med ein slant, noko tøy el.l.

Eg fylgjer to frivillige rundt på leiting etter småbedrifter som kan bidra med ein slant, noko tøy el.l.

Me prøvar lykken i ein lokal bokhandel..

Me prøvar lykken i ein lokal bokhandel..

Venting i spaning på om dama bak disken har noko å bidra med til innsamlinga...

Venting i spaning på om dama bak disken har noko å bidra med til innsamlinga...

Og bidra, det var ho villig til - her blir beløpet ført opp på lista.

Og bidra, det var ho villig til - her blir beløpet ført opp på lista.

Morosjappe: morosam sjappe med morosamt namn.

Morosjappe: morosam sjappe med morosamt namn.

Ny fangst: denne gongen klede frå ei systue.

Ny fangst: denne gongen klede frå ei systue.

Eg stiller som regel opp når eg blir spurt om å posere, her ved endt misjon, saman med Isaiah og Jean Claude.

Eg stiller som regel opp når eg blir spurt om å posere, her ved endt misjon, saman med Isaiah og Jean Claude.

Butare by night: som seg hør og bør må eg ta eit natt-bilete med Røde Kors-banneret over byen, med påminnelse om at 8.mai er offisiell dag for Røde Kors og Røde Halvmåne.

Butare by night: som seg hør og bør må eg ta eit natt-bilete med Røde Kors-banneret over byen, med påminnelse om at 8.mai er offisiell dag for Røde Kors og Røde Halvmåne.

Read Full Post »