Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘NUR’

Innsamlingsaksjon - både folk og kleskorger er godt merka med symbolet.

Innsamlingsaksjon - både folk og kleskorger er godt merka med symbolet.

Eksamenstid = Røde Kors-tid!

Mai er eksamensmånad, både i Norge og i Rwanda. Heime i Noreg har frivillige organisasjonar ein tendens til å gå i dvale når perioden for prøvene står på. Her i Rwanda, derimot, blir Røde Kors-aktivitetar prioritert, trass i at mange har skule å tenke på. Og utdanning er ikkje akkurat mindre verdsett her enn heime blant dei heldige få som får lov/råd til å gå på universitetet, for å seie det slik!

Allsidige aktivitetar fram mot 8.mai

Denne veka er det 8.mai-markering (for dei som ikkje veit det: den internasjonale Røde Kors-dagen) og feiring av Røde Kors ei veke til endes her i Rwanda, og spesielt i Butare, etter at dei førre norske ungdomsdelegatane Carina og Camilla la ned ein stor innsats her i fjor. Aktivitetane som står på programmet er:

Innsamling av klede/pengar til dei trengande på sjukehus

Stand med Røde Kors-informasjon og medlemsverving

Gangfeltsmaling og trafikk-sikkerhetskampanje (zebra crossing)

Blodgjeving

Sportsarrangement med fotballkamp, song, sketsjar og diktopplesing

Verdifull innsats

Eg kjem seinare tilbake til dei forskjellige aktivitetane nemnt her, men i dag vil eg berre publisere nokre bilete frå gårsdagens innsamling. Røde Kors student-gruppa ved National University of Rwanda gjorde ein flott innsats i 3-4 timar, trass i at nokre har eksamen allereie i morgon! Som så mange gonger før har NUR-studentane vist stort engasjement for å hjelpe dei som treng det mest.

Den samla mengden pengar og ting blir først klar på laurdag, då desse skal delast ut på to sjukehus her i Butare. Fasilitetane for dei som er innlagte her er nemleg veldig reduserte, så å bli støtta med litt mat eller klede er kjærkomment.

Du kan også gjere noko heime i Noreg

Med dette vil eg oppfordre alle heime i Norge, eksamenstid eller ei, til å gjere ein innsats som bøssebærarar eller i det minste som givarar laurdag 8.mai – de vil i så fall kunne bistå menneske som befinn seg i ein sårbar situasjon, både i Norge og i utlandet. Les meir om Røde Kors sitt arbeid på: www.rodekors.no.

Gå inn på http://www.rodekorsaksjonen.no/ for å registrere deg som bøssebærar, eller gå hit for å gi ein 50-lapp (eller meir) for å hjelpe Røde Kors Ungdom med å nå målet for årets 8.mai-innsamlingsaksjon.

Røde Kors-søsken: Chantal (til venstre) hjelper oss i huset, samtidig som ho er frivillig innan helse. Edmond (til høgre) er president for dei frivillige i Huye distrikt.

Røde Kors-søsken: Chantal (til venstre) hjelper oss i huset, samtidig som ho er frivillig innan helse. Edmond (til høgre) er president for dei frivillige i Huye distrikt.

Norbert, tidlegare RK-president på universitetet, viser veg, medan dei andre frivillige ser på listene over butikkar som allereie er spurt om å bidra.

Norbert, tidlegare RK-president på universitetet, viser veg, medan dei andre frivillige ser på listene over butikkar som allereie er spurt om å bidra.

Eit knippe frivillige på vei ut for å spørje det lokale næringsliv om å hjelpe trengande på sjukehusa.

Eit knippe frivillige på vei ut for å spørje det lokale næringsliv om å hjelpe trengande på sjukehusa.

Eg fylgjer to frivillige rundt på leiting etter småbedrifter som kan bidra med ein slant, noko tøy el.l.

Eg fylgjer to frivillige rundt på leiting etter småbedrifter som kan bidra med ein slant, noko tøy el.l.

Me prøvar lykken i ein lokal bokhandel..

Me prøvar lykken i ein lokal bokhandel..

Venting i spaning på om dama bak disken har noko å bidra med til innsamlinga...

Venting i spaning på om dama bak disken har noko å bidra med til innsamlinga...

Og bidra, det var ho villig til - her blir beløpet ført opp på lista.

Og bidra, det var ho villig til - her blir beløpet ført opp på lista.

Morosjappe: morosam sjappe med morosamt namn.

Morosjappe: morosam sjappe med morosamt namn.

Ny fangst: denne gongen klede frå ei systue.

Ny fangst: denne gongen klede frå ei systue.

Eg stiller som regel opp når eg blir spurt om å posere, her ved endt misjon, saman med Isaiah og Jean Claude.

Eg stiller som regel opp når eg blir spurt om å posere, her ved endt misjon, saman med Isaiah og Jean Claude.

Butare by night: som seg hør og bør må eg ta eit natt-bilete med Røde Kors-banneret over byen, med påminnelse om at 8.mai er offisiell dag for Røde Kors og Røde Halvmåne.

Butare by night: som seg hør og bør må eg ta eit natt-bilete med Røde Kors-banneret over byen, med påminnelse om at 8.mai er offisiell dag for Røde Kors og Røde Halvmåne.

Read Full Post »

At det har gått såpass lenge sidan sist blogg-innlegg skuldast ikkje mangel på verken ting å skrive om eller som eg har teke bilete av. Snarare tvert i mot, ettersom den siste månaden har vore prega av at oppholdet nærmar seg slutten og at det difor er mykje som me prøver å ferdigstille. Dessutan har det vore 16-årsmarkering for folkemordet (ei veke til endes – 7.-14.april), me held på med planlegginga av 8.mai-kampanje (feira første veka i mai), samt at vår plan om å utvikle ein organisasjonsmanual for Rwanda Røde Kors Ungdom er teke fram frå skuffa og blir jobba med kontinuerleg for tida, i likheit med Gatemeklingsprosjektet me har sett igang her nede. For ikkje å snakke om at både eg og Sigri har hatt besøk med tilhøyrande fritidsaktivitetar. Og no til slutt, at nett-tilgangen har vore stort sett fråverande den siste veka.

Vel, nok unnskyldningar. For å oppsummere på den måten eg trives best med fylgjer ein del bilete av ting eg har gjort og opplevd den siste månaden, lett blandings av Røde Kors-arbeid og fritid.

Open dag på universitetet, der alle organisasjonar, inkludert Røde Kors, promoterer seg sjølv og sine aktivitetar.

Open dag på universitetet, der alle organisasjonar, inkludert Røde Kors, promoterer seg sjølv og sine aktivitetar.

Ein gut som bur i ein model-village fyller vatn frå ei pumpe sponsa av Røde Kors.

Ein gut som bur i ein model-village fyller vatn frå ei pumpe sponsa av Røde Kors.

Sigri klar for dugnad med hakke og fotoapparat, medan mors kamera er populært blant lokale born.

Sigri klar for dugnad med hakke og fotoapparat, medan mors kamera er populært blant lokale born.

Eg prøvar å bidra som best eg kan under den månadlege dugnaden (umuganda). Likevel ikkje heilt fritt for peiking og latter frå dei som faktisk har laga grøft før.

Eg prøvar å bidra som best eg kan under den månadlege dugnaden (umuganda). Likevel ikkje heilt fritt for peiking og latter frå dei som faktisk har laga grøft før.

Mange mønster og fargar i klesplagga til Rwandiske kvinner…

Mange mønster og fargar i klesplagga til Rwandiske kvinner…

Mi tyske "søster" Corinna, som kom på besøk – her på båttur på Kivu-sjøen, Dette er eit av dei siste bileta av brillene mine, som no ligg på sjøens botn etter eit spontant stup (med briller på).

Mi tyske "søster" Corinna, som kom på besøk – her på båttur på Kivu-sjøen, Dette er eit av dei siste bileta av brillene mine, som no ligg på sjøens botn etter eit spontant stup (med briller på).

Ei av øyene i innsjøen har ein enorm koloni med flaggermus – ein fascinerande skapning synes eg.

Ei av øyene i innsjøen har ein enorm koloni med flaggermus – ein fascinerande skapning synes eg.

Eit par dagars deilig slaraffenliv med bading og 6-dobbel yatzy (som faktisk tilfører spelet ein del strategi/taktikk).

Eit par dagars deilig slaraffenliv med bading og 6-dobbel yatzy (som faktisk tilfører spelet ein del strategi/taktikk).

Eg har aldri sett vulkanen Nyarigongo så tydelig som då me overnatta på Amahoro-øya. Eit nydeleg syn, og mindre aske enn i Europa.

Eg har aldri sett vulkanen Nyarigongo så tydelig som då me overnatta på Amahoro-øya. Eit nydeleg syn, og mindre aske enn i Europa.

Skoen min, med sommarfuglane som kom og slo seg ned ei stund – frå Nyunge nasjonalpark.

Skoen min, med sommarfuglane som kom og slo seg ned ei stund – frå Nyunge nasjonalpark.

Ei Røde Kors-gruppe på ein ungdomsskule nær Butare, der eg var med ein frivillig frå universitetet som underviste i internasjonal humanitær rett (reglar i krig).

Ei Røde Kors-gruppe på ein ungdomsskule nær Butare, der eg var med ein frivillig frå universitetet som underviste i internasjonal humanitær rett (reglar i krig).

Besøk hjå ein annan ungdomsskule. Frivillig frå universitetet Emmanuel forklarer om korset, halvmånen og krystallen for interesserte elevar.

Besøk hjå ein annan ungdomsskule. Frivillig frå universitetet Emmanuel forklarer om korset, halvmånen og krystallen for interesserte elevar.

Me fekk endeleg besøkt gorilla-familiane i nordre Rwanda då Corinna var på besøk – her ei gorillamor med unge.

Me fekk endeleg besøkt gorilla-familiane i nordre Rwanda då Corinna var på besøk – her ei gorillamor med unge.

Og ein luring av ein ungdom som poserer…

Og ein luring av ein ungdom som poserer…

Read Full Post »

No har det vore veldig lenge sidan eg har skrive noko på denne bloggen, men er endeleg i gang igjen med arbeidet her nede etter ein god ferie heime i Norge med familie og vener. Det var herlig å sjå folk igjen, samtidig som det kjennest veldig bra å raskt ha komme inn i livet her etterpå, både sosialt og ikkje minst med Røde Kors-arbeid. I praksis har dette betydd å treffe igjen gode vener her i Butare, samt arrangering av fire fulle dagar og tre kveldar med workshop i konflikthandtering og mekling, maaaaange timar planlegging på kvardag og helg, 12 fornøgde deltakarar, mykje artige aktivitetar og 2 stk ganske så slitne ungdomsdelegatar dagen etter kursavslutning.

Eg i aksjon som kurshaldar, i skjorte og finsko i anledning avslutningsdagen.

Eg i aksjon som kurshaldar, i skjorte og finsko i anledning avslutningsdagen.

Temaet for verkstaden var konfliktforståelse, følelsar i konflikt, kommunikasjon, mekling, og instruktør-opplæring, og er direkte henta frå Gatemeklings-eininga i Oslo Røde Kors, som har som formål å lære opp ungdom til å handtere eigne og andre sine konfliktar utan å bruke vald. Eg har også teke kurs om mekling og konflikthandtering på universiteta i Oslo og Cape Town, så dette er noko eg brenn masse for og er skikkelig glad for å ha fått gjennomført, med super hjelp frå Sigri, som skal ha stor honnør for å kaste seg uti det!

Sigri, som overraskande nok har finare handskrift enn meg, skriv programmet for dagen.

Sigri, som overraskande nok har finare handskrift enn meg, skriv programmet for dagen.

Opplegget er basert på ein god blanding av forskjellige metodar, inkludert individuelt, par- og gruppearbeid, masse leikar, noko tavlebasert, rollespel, testar og så vidare. Denne variasjonen gjer det lettare både for deltakarane og for oss å halde fokus og ha det artig, samt forhåpentligvis å få til mykje læring! Slik at sjølv om me merkar at det er ein del kulturforskjellar – kanskje ikkje minst i ein uvanthet med det å snakke om og fokusere på følelsar – så er det kjekt å få oppmuntrande kommentarar som ’the best methodology I have ever seen’ frå deltakarar.

Felles varm lunsj. I Rwanda er det vanlig å forsyne seg éin gong – rikeleg! Forståeleg med kun to eller tre måltid per dag.

Felles varm lunsj. I Rwanda er det vanlig å forsyne seg éin gong – rikeleg! Forståeleg med kun to eller tre måltid per dag.

Triveleg å ete saman og slå av ein prat som eit avbrekk midt på dagen.

Triveleg å ete saman og slå av ein prat som eit avbrekk midt på dagen.

Spesielt spanande er det å ha konfliktverkstad i eit land med ei historie som Rwanda. Eit av ynskja deltakarane kom med i byrjinga av kurset var å bruke konflikten i heimlandet som eit eksempel, noko både me og deltakarane kom inn på. Kurset fokuserer først og fremst på konfliktar i nærmiljøet og i ungdomskretsar, men mykje av konflikt- og meklingsteorien me brukar er meint å vere ganske universell opp til statsnivå og i internasjonale relasjonar. Det er ganske utfordrande å diskutere konflikt knytt opp til historia i landet her, særlig når mange av dei me kjenner har mista både foreldre og søsken i folkemordet. Samtidig er det veldig sterkt, men positivt, når deltakarar opnar seg litt og deler sine syn og erfaringar på konflikten. Ikkje minst var det spanande å høyre om forskjellige måtar konfliktar har blitt løyst på her i landet; i familien har ei løysing tradisjonelt sett vore at svigerfar fungerar som meklar mellom ektefellar; i konfliktar mellom privatpersonar på landsbygda har eit råd av eldre gjerne samla seg for å vurdere saken, og der løysinga går ut på at den som forårsaka problemet symbolsk vartar opp dei andre med sorghum-øl som dei deler etter prosessen for å setje strek; og ikkje minst den svært interessante praksisen gacaca, ein tradisjonell metode brukt etter folkemordet som legg opp til at offer og gjerningsmenn fortel sine historier offentleg, for så at anerkjennelse og samfunnsarbeid blir tildelt, med fokus på at begge partane skal kunne gå tilbake til samfunnet og leve saman igjen. At folk her i dag lever så tett og fredeleg saman berre 15 år etter folkemordet er noko det kan takast stor lærdom frå, også her i Norge, kvar kven som var ven og kven som var fiende under Krigen kanskje endå ikkje har blitt gløymt.

Deltakarar førebur sin ’eksamen’: å ha eit undervisningsopplegg på 20 minutt for resten av gruppa.

Deltakarar førebur sin ’eksamen’: å ha eit undervisningsopplegg på 20 minutt for resten av gruppa.

Etter fullført kurs skal det no bli spanande å sjå kva desse deltakarane får til av opplæring av andre, og evt mekling av konfliktar i sine miljø (me skal ha planleggingsmøte denne veka). Engasjementet har iallfall vore stort, og deltakarane sjølve har fokusert rett mykje på viktigheita av slikt arbeid her i landet, for å dempe både fortidige og eventuelt framtidige motsetningar mellom folk.

Deltakarundervisning i vår standard organisering av rommet – alle saman i same sirkel.

Deltakarundervisning i vår standard organisering av rommet – alle saman i same sirkel.

For min og Sigri sin del er det no informasjonsarbeid som står øvst på programmet vidare, samt at Lotte, sjefen vår i Norge, kjem på besøk til helga for å helse på og evaluere opplegget her nede. Og eg kan opplyse om at bloggoppdateringa mi vil bli betre framover. Så det er berre å gle seg! 🙂
-H

Ein deltakar presenterer tips til god kommunikasjon – ein hjørnestein i konflikthandtering.

Ein deltakar presenterer tips til god kommunikasjon – ein hjørnestein i konflikthandtering.

Inn i ringen – ein artig øvelse som set kreativiteten på prøve. Her første deltakar ut.

Inn i ringen – ein artig øvelse som set kreativiteten på prøve. Her første deltakar ut.

Andre deltakar i ’Inn i ringen’ utforskar utfordringa som ligg føre.

Andre deltakar i ’Inn i ringen’ utforskar utfordringa som ligg føre.

Tredje deltakar prøvar å manøvrere seg inn i ringen blant dei andre.

Tredje deltakar prøvar å manøvrere seg inn i ringen blant dei andre.

Meklingsrollespel: Eg og Sigri spela to gutar i ein konflikt medan alle kursdeltakarane fekk prøve å mekle mellom oss. Eg storkosa meg og det vart eit godt sluttresultat.

Meklingsrollespel: Eg og Sigri spela to gutar i ein konflikt medan alle kursdeltakarane fekk prøve å mekle mellom oss. Eg storkosa meg og det vart eit godt sluttresultat.

Sigri – litt sliten etter mange lange dagar og endå fleire skrivne flipover-plansjar.

Sigri – litt sliten etter mange lange dagar og endå fleire skrivne flipover-plansjar.

Nokre av deltakarane poserer saman med kurshaldarane for å markere at kurset er over og at alle har blitt instruktørar i konflikthandtering!

Nokre av deltakarane poserer saman med kurshaldarane for å markere at kurset er over og at alle har blitt instruktørar i konflikthandtering!

Read Full Post »