Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Uganda’

Utveksling er sjølve kjernen i det å vere ungdomsdelegat. Me tolv Røde Kors-frivillige frå Noreg, Sudan, Rwanda og Nepal skal utveksle kunnskap, erfaringar og inspirasjon mellom våre heimland, igjennom å bidra med vår bakgrunn i det landet me er utplasserte. Like viktig, vel å merke, er det å få oppleve korleis Røde Kors sitt ungdomsarbeid fungerer i eit land forskjellig frå vårt eige, og å formidle desse opplevingane til ungdom i våre heimland. I det siste har me fått ei utvida utveksling som del av vårt opphald her, nemlig igjennom først å ha besøk av, og så å vere på besøk hos våre nye danske vener som er langtidsfrivillige i Uganda for Ungdommens Røde Kors.

Danskane (Ane, Louise, Christin, Christian) blir presentert for Røde Kors-gruppa på universitetet i Butare, i anledning valg av ny komité.

Danskane (Ane, Louise, Christin, Christian) blir presentert for Røde Kors-gruppa på universitetet i Butare, i anledning valg av ny komité.

Møte med Paul, kontaktpersonen vår (midten), og Wilson, Røde Kors sin ungdomspresident i Rwanda (til høgre).

Møte med Paul, kontaktpersonen vår (midten), og Wilson, Røde Kors sin ungdomspresident i Rwanda (til høgre).

Som ein parallell til det geografiske forholdet mellom Norge og Danmark, ligg Uganda rett nord for Rwanda og er ca. 10 gonger så stort. Som Rwanda, derimot, er også Uganda herja av konflikt på ein skala heilt ukjent for oss skandinavar. Det nordlege Uganda har i meir enn tjue år vore åstad for krigshandlingar mellom the Lord’s Resistance Army (Herrens motstandshær – LRA) og regjeringsstyrkar (UPDF). Resultatet er titusenar med døde, meir enn to millionar internt fordrevne (der nær halvparten er born under 15 år), samt vel 20.000 barn som har blitt tvinga til å bli barnesoldatar. Tvangsarbeid og sexslaveri er også skjebnen for alt for mange born.

Me fekk beskjed om å hoppe av bussen då me såg dette skiltet, ein times tid utanfor hovudstaden Kampala.

Me fekk beskjed om å hoppe av bussen då me såg dette skiltet, ein times tid utanfor hovudstaden Kampala.

Danske Ungdommens Røde Kors har samarbeidd med Uganda Røde Kors i over tjue år, så for oss som del av andre års samarbeid mellom Norge og Rwanda er det mykje å lære! Også i Uganda er fokuset på aktivitetar av og for unge. Kvart år reiser åtte ungdomsfrivillige frå Danmark til Uganda for fem månader, for å samarbeide med ’Task Force’-grupper beståande av ugandiske ungdomsleiarar, om å trene opp ungdom i såkalla Life Planning Skills (livsplanleggingsferdigheiter – LPS – meir om det under). To danske langtidsfrivillige er i Uganda i sju månader, og samarbeider med 4 overordna ungdomsleiarar frå Uganda i å trene opp ’Task Force’-grupper, halde leiarkurs, og evaluere programmet.

Eg mellom Brendah (til venstre) og Ane (til høgre) - Røde Kors Ungdom frå Uganda, Rwanda/Noreg og Danmark i skjøn foreining.

Eg mellom Brendah (til venstre) og Ane (til høgre) - Røde Kors Ungdom frå Uganda, Rwanda/Noreg og Danmark i skjøn foreining. Foto: Sigri Stokke Nilsen.

Det er desse to noverande langtidsfriviljuge, Ane og Christian, som me har blitt kjent med den siste månaden, saman med Louise og Christin, som er i Uganda for å utvikle eit tilleggsprosjekt av LPS, spesifikt retta mot å hjelpe ungdom i eit samfunn prega av vald til å planlegge ei framtid. Igjennom danskane fekk me også møte og bli kjent med Brendah og Samuel, ugandiske ungdomsleiarar som gjer ein super innsats i å lære opp andre.

Louise og Samuel - utanfor kontoret til Apac Red Cross Branch i nordre Uganda.

Louise og Samuel - utanfor kontoret til Apac Red Cross Branch i nordre Uganda.

Hovudfokuset til Ungdommens Røde Kors i Uganda er basert på ynskjet til Uganda Røde Kors om å ha eit konkret prosjekt som direkte henvender seg til ungdom og deira livssituasjon. Dette gjer dei no igjennom det afrikansk/amerikansk-utvikla konseptet Life Planning Skills. Dette er ei samling av 12 undervisingsbolkar, der ungdom lærer opp ungdom i fylgjande tema:

1 Personlege verdiar, familieverdiar og samfunnsverdiar
2 Kommunikasjon
3 Pubertet
4 Seksualitet
5 Skadelege tradisjonelle praksisar (som til dømes omskjæring av jenter)
6 Kjønnsroller og likestilling
7 Forhold/relasjonar
8 Tenåringsgraviditet
9 Seksuelt overførbare sjukdomar
10 HIV og Aids
11 Rusmisbruk, inkludert narkotika og alkohol
12 Å planlegge framtida

LPS-undervisning i Lowero, utført av Brendah for ein lokal gruppe Task Force-medlemmer som snart skal ut og instruere ungdom på sin skule.

LPS-undervisning i Lowero, utført av Brendah for ein lokal gruppe Task Force-medlemmer som snart skal ut og instruere ungdom på sin skule.

Prosjektet Louise og Christin jobbar med handlar både om å lindre og minske mentale lidingar konflikten kan ha påført ungdom, og om det å førebyggje og handtere nye konfliktar igjennom fokus på forskjellige måtar å handle og kommunisere i konfliktsituasjonar.

Dramatiske scener då ei ungdomsgruppe i Apac utfører eit rollespel om landsbykonflikt.

Dramatiske scener då ei ungdomsgruppe i Apac utfører eit rollespel om landsbykonflikt.

Dette prosjektet har mange fellestrekk med vår workshop om ikkje-valdeleg kommunikasjon og mekling som eg heldt med Gatemeklings-metodikk her i Rwanda i januar. Å sjå korleis det nye opplegge fungerte i praksis i Uganda gav både nye idéar og inspirasjon til å halde fram med dette arbeidet i Rwanda.

Den skal tidleg krøkast...

Den skal tidleg krøkast...

Nysgjerrige tilskodarar til kva dei eldre ungdomane held på med.

Nysgjerrige tilskodarar til kva dei eldre ungdomane held på med.

Louise gjev feedback.

Louise gjev feedback.

LPS-undervising med fokus på konflikt og kommunikasjon - for anledninga innandørs.

LPS-undervising med fokus på konflikt og kommunikasjon - for anledninga innandørs.

Opplegget vart nøye observert både innanfrå og utanfrå lokalet.

Opplegget vart nøye observert både innanfrå og utanfrå lokalet.

Alt i alt var det veldig spanande å sjå det gode arbeidet gjort i Uganda av dyktige frivillige, både frå Danmark og Uganda. Ikkje minst var det godt å sjå kor stort ansvar lokal ungdom tok for å spreie kunnskap og gode haldningar til andre unge i sine lokalmiljø. Det var også interessant å oppleve ein ganske anna tilnærming til samarbeidet enn det me har i Rwanda, ved at det i Uganda er eit såpass konkret og kontinuerleg prosjekt som LPS. Vonleg kan desse lærdomane bli med på å vidareutvikle vårt eige ungdomsdelegatprogram og slik sett føre noko godt med seg for Røde Kors og trengande i Rwanda i framtida.

Sigri poserer saman med ansatte og frivillige i Apac Branch Red Cross.

Sigri poserer saman med ansatte og frivillige i Apac Branch Red Cross.

Gulu by night - fram til 2007 skjedde det mange LRA-angrep i denne byen i nordlege Uganda - men no kunne me sjekke ut nattelivet utan problem.

Gulu by night - fram til 2007 skjedde det mange LRA-angrep i denne byen i nordlege Uganda - men no kunne me sjekke ut nattelivet utan problem.

Read Full Post »

Jumping in front of the Himalayas

Etter ein liten ferie til (nydelege!) Nepal og besøk til Røde Kors ungdomsdelegatar der (har byrja legge ut bilder her), er eg no tilbake på kontoret vårt i Ngoma (Butare). Første dagane etter retur til Rwanda gjekk med til eit stort møte der ca. 50 tilsette i Rwanda Røde Kors (RRC) deltok, dei fleste frå hovudkontoret. Formålet var å gå igjennom status og evaluere dei forskjellige programma som RRC driv i landet. Det vil seie: helse, katastrofehandtering (DM), organisasjonsutvikling (OD), informasjon og formidling, sporing (av familiemedlemmer som har komme bort frå kvarandre) og sosiale prosjekt (som OVC-prosjektet me har besøkt fleire gonger). Det heile foregjekk her i Butare over tre dagar, så me fekk møtt og oppfriska bekjentskapet med mange av dei som jobbar i Kigali, inkludert å diskutere nokre av våre aktivitetar. Det var ikkje alltid like enkelt å fylgje innhaldet sidan møtet foregjekk på kinyarwanda, men det var uansett lærerikt å få innblikk i korleis møter foregår om slike store spørsmål her i landet og organisasjonen.

Røde Kors ungdomsgruppe som me besøkte saman med blant andre ungdomspresidenten.

Røde Kors ungdomsgruppe som me besøkte saman med blant andre ungdomspresidenten.

Me har også siste veka vore på besøk hos ei Røde Kors-gruppe på ein skule som har ein veldig høg andel studentar med diverse fysiske funksjonshemmingar – ei flott gruppe som sette veldig stor pris på at me kom. Dessutan har me hatt møter med RK-komiteen i distriktet, med universitetsgruppa og med RK ungdom-presidenten her i landet for å planlegge samarbeidet vidare (det vil seie, mesteparten av dette gjorde Sigri mens eg var på ferie – ho skal ha stor skryt for alt ho har fått til mens eg har vore borte!) Så aktivitetskalenderen for resten av våren byrjar å fyllest opp – med mange spanande og meiningsfulle aktivitetar (meir info fylgjer).

Møte med presidenten (t.h.) og visepresidenten i Huye-distriktet Røde Kors.

Møte med presidenten (t.h.) og visepresidenten i Huye-distriktet Røde Kors.

Av andre ting som skjer for tida så er ei utveksling med danske ungdomsdelegatar basert i Uganda på trappene. Me får besøk av dei her i Butare på fredag og laurdag og planlegg å vise dei nokre aktivitetar me driv på me her, samt utveksle erfaringar og idéar rundt det å vere skandinavisk ungdomsdelegat i Øst-Afrika. I byrjinga av mars er planen å dra nordover og besøke dei og prosjekt dei driv der. Det hadde også vore veldig spanande å få til ei Røde Kors-utveksling mellom rwandisk og ugandisk ungdom, framover, så me får sjå kva me kan få til på sikt.

Alt i alt er det godt å komme tilbake på jobb og ha mange jern i ilden! Skal prøve å oppdatere meir regelmessig på kva som skjer framover – så det er berre å sjekke denne sida igjen snart 😉

Å vere tilbake i Butare inneber også stam-mat på stam-restauranten: geite-spyd på Faucon!

Å vere tilbake i Butare inneber også stam-mat på stam-restauranten: geite-spyd på Faucon!

Read Full Post »