Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Vikken’

Endeleg har me fått oss det ein kan kalle for ein heim. Me ankom Butare i sørlege Rwanda på søndag, og drog direkte til leiligheita/det vesle huset som me skal bu i fram til juni (ikkje 15 kvadratmeter-lite som det eg hadde i Cape Town, men ellers ganske likt faktisk). Det var ein stor lettelse å få komme seg dit, og byrje pakke ut bagasjen vår meir ’for godt’ enn tidlegare, når me gjerne har reist frå rom til rom på diverse hotell og gjesteleilighetene til Rwanda Røde Kors i Kigali.

Herlegdomen sjølv - altså i midten, utan balkong. Kan komme til å bli kjent som Festung Norwegen.

Herlegdomen sjølv-altså i midten, utan balkong. Kan komme til å bli kjent som Festung Norwegen.


Det å ha ein base å ha som vår eigen (og berre vår), har faktisk ganske mykje å seie, og for både meg og særleg Aurora (eller Sigri, som dei fleste andre kallar henne) har det vore ei stund sidan me hadde ein meir permanent heim etter studia. Difor kjenst det kanskje ekstra godt å vere på plass no.
Snapshot av mitt kjære rom - for øyeblikket i kaste-ting-utover-for-å-pakke-til-Kigali-modus. Foreløpig med myggnetting som einaste dekorasjon.

Snapshot av mitt kjære rom - for øyeblikket i kaste-ting-utover-for-å-pakke-til-Kigali-modus. Foreløpig med myggnetting som einaste dekorasjon.


I tilknyting til det å ha ein heim er også det å ha større kontroll over eiga tid ei stor forandring frå den første månaden. I Kigali og på reise rundt i Rwanda og naboland har me blitt veldig godt teke vare på av folk som vil oss alt vel. Men samtidig har det vore ein viss ufrihet over det heile, i og med at me aldri har hatt mykje kontroll over dagane våre. Dette er ein annan faktor til at me no i vår nye heim kan etablere våre eigne rutiner, som kjenst veldig godt, enten det er snakk om det å kunne tilberede eigen mat, etablere treningsvanar eller å ha større fridom sosialt på kveldstid (har truffe ei handfull belgiarar her som me har ete middagar og spela brettspel med-veldig trivelig!). Også veldig greit når ein kan komme seg kvar som helst i byen på moto-taxi for 4-5 kroner.
Kjent og kjær rundkøyring med utsikt over Kigali (mot nasjonalstadion). I forgrunnen kjent og kjær moto (sjølv om me berre har lov å køyre dei i Butare).

Kjent og kjær rundkøyring med utsikt over Kigali (mot nasjonalstadion). I forgrunnen kjent og kjær moto (sjølv om me berre har lov å køyre dei i Butare).


I det eg skal poste dette innlegget sit me på det som rakk å bli vår stam-(Internett)café i Kigali. Og jammen har den ikkje rukke å bli litt heim den au, i likhet med byen sjølv, noko eg merka då Volcano-bussen frå Butare snegla seg opp den siste bakken opp til rundkøyringa i sentrum – trass i pøsregnet og tordenskrallet som starta i øyeblikket me gjekk av bussen. Eller kanskje nettopp derfor.
Bourbon cafe. Utan regn for ein gongs skuld, med kveldsstemning, og med Internett som funkar. Då kan ein ikkje klage.

Bourbon cafe. Utan regn for ein gongs skuld, med kveldsstemning, og med Internett som funkar. Då kan ein ikkje klage.

Advertisements

Read Full Post »